
Andeby Online > Om Andeby Online
Andeby Online er ei privatdrive og uavhengig nettside om Disney-teikneseriar. Sidene har vore aktive sidan 2001, og har endra form og innhald fleire gonger i løpet av si levetid. For augeblikket ligg hovudfokuset til nettsidene på å prøve å byggja opp ein artikkeldatabase, der målet er å etterkvart bli det beste oppslagsverket om Disney-teikneseriar som eksisterer på norsk. Artikkeldatabasen oppdaterast med ein ny artikkel kvar onsdag.
Vårt diskusjonsforum er eit naturleg utgangspunkt for donaldistisk diskusjon. Ikkje berre har vi relativt mange aktive brukarar, men desse brukarane er i alle aldre og sit til saman på uendelege mengdar av donaldistisk kompetanse. Med andre ord: Dersom du lurer på noko donaldistisk som du ikkje klarer å finne svaret på i artikkeldatabasen, er det eit smart trekk å spørja der. Det er heilt gratis å registrere seg som brukar. Av andre donaldistiske tiltak har Andeby Online mellom anna arrangert NM i Donald to gonger.
Sidene eigast av det tromsøbaserte firmaet Solstrand Tekst og Bobler, og har ingenting med Disney eller Egmont Serieforlaget å gjera -- dette er rett og slett ei fanside. Likevel lar vi ikkje det stoppe oss frå å gjera det vi kan for å skape eit så godt donaldistisk samfunn som overhovudet mogleg.
Ansvarleg redaktør for sidene er Olaf Moriarty Solstrand. I redaksjonen sit William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.

