Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Don Rosa slutter å lage teikneseriar

Andeby Online > Nyhende > Don Rosa slutter å lage teikneseriar

Don Rosa har no sagt i eit intervju at han ikkje kjem til å lage fleire teikneseriar.

Rosa var tilstades på Komiks-festivalen i København 1.-2. juni 2008, og ifølge folk som var til stades på intervjuet med Don Rosa laurdag kveld, har han her sagt ganske tydeleg at han ikkje kjem til å skrive fleire teikneseriar.

«At the Don Rosa interview on Saturday, Don stated he would never make another story. He seemed firm in his decision», skreiv Lars Jensen i The Disney Comics Forum 2. juni. «During the interview, Don said: "One of the reasons is..." And now you're gonna hate me, because I'm not sure I remember what that reason was, but I *think* it was because he wanted to spend more time with his wife.»

Don Rosa debuterte på Disney-forlaget Gladstone med historia «Solens sønn», som blei utgitt første gong i 1987. Etter det har han skrive og teikna ei rekke historier, der den mest kjente kanskje er «Skrue McDucks liv og levnet», som han òg har fått ein Eisner-pris for. Rosa er elska av ein stor fanskare for sine detaljerte skattejakthistorier, og har fleire gonger blitt omtalt som «Carl Barks' arvtakar». Hans siste historie var Skrue-trettitresidaren «Fangen i Sølvdalen», som blei utgitt på norsk i Donald Duck & Co 22-24/2006.

Les meir om Don Rosa ...

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til sundag 8. juni 2008

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.