
Andeby Online > Nyhende > Adventskalender 2007
Då kan vi endelig stolt presentere Andeby Onlines adventskalender 2007. Vi vender tilbake til konseptet vi introduserte i 2005: Å seigpine alle brukarane våre til å stresse heile desember med å bla i samlinga si og google frenetisk på verdsveven.
Nei, dette er ikkje eit nytt NM, men det er likevel ein konkurranse. Og konseptet denne gongen er enkelt: Gjenkjenn sitater frå gamle Donald-historier.
Vi legger ut to sitater kvar dag fram mot julaften. Klarer du å gjenkjenne kven som kan ha sagt det, får du eitt poeng. Klarer du å gjenkjenne sjølve historia, får du to poeng. Kvar sjette dag kårer vi ein vekevinnar (ja, eg veit, men det har seg no faktisk slik at 24 ikkje er deleleg på 7), og den som får flest poeng totalt i heile desember vinner eit eksklusivt og utruleg stilig Jungelboken-litografi pluss eit årsabonnement på Kvakk!. Nærare reglar her.
Toppliste o.l. vil kome i løpet av neste veke, og kalenderen starter sjølvsagt 1. desember.
Hint: 1/3 av oppgåvene er henta frå 2007-årgangen, og 1/3 av oppgåvene er henta frå Carl Barks-historier.
Lykke til, alle saman!
Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til laurdag 1. desember 2007
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.

