
Andeby Online > Nyhende > Andeby er opent igjen
Donald Duck & Cos offisielle heimesider, donald.no, er under konstant forandring. No er diskusjonsforumet opna igjen, etter ei kraftig oppgradering.
Med nesten ti tusen brukarar (pr. 10. oktober 2007) slår donald.no alle konkurrenter når det kjem til donaldistisk diskusjon. Forumet har no fått ei ny kategoriinndeling som er tydeleg meir Donald-inspirert enn tidlegare: Det finst framleis ein eigen «Andeby»-kategori, i tillegg til at det har dukka opp ein «Duckipedia»-kategori. Kva forskjellen på desse eigentleg er kjem ikkje så tydeleg fram, men det er iallfall tydeleg at det leggjast meir vekt på å diskutere kva som skjer i Andeby. Dei andre kategoriane er «Spill og moro», «Avslapningsrommet» og «Kvakktuelt».
I tillegg har forumet no spelt vidare på strategien med å individualisere forumet for kvar enkelt brukar. Når ein registrerer seg kan ein melde seg inn i ein «klan» -- Hakkespettene, Milliardærene, Skurkeklubben eller Smartingene -- og kvar klan har eit eiga lukka forum som berre klansmedlemene kan lese og skrive i. I tillegg har visstnok kvar klan ein eigen rangstige og eit eiget poengsystem (denne skribent har framleis ikkje skjønt kva dette eigentleg går ut på).
Det verkar som om all diskusjon frå det gamle Donald.no-forumet har blitt sletta, så då forumet opna på nytt i går formiddag, starta det med blanke ark. Det er sannsynlegvis ei individuell vurdering korvidt det er positivt eller negativt. Positivt er det iallfall at Noregs største donaldistiske forum no endelig er opent igjen.
«Slå deg løs, ha det moro og diskuter med vennene dine! Vi jobber fortsatt med å sette siden ordentlig opp, så det kan være litt tull og tøys rundt omkring. Det er bare å si ifra,» skriver Donald.no's redaktør Jørgen Kirksæther i forumet. Det har ikkje lyktes Andeby Online å kome i kontakt med Kirksæther for ein kommentar.
Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til onsdag 10. oktober 2007
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.

