
Andeby Online > Nyhende > DD41/07: Blum og Jippes gjenfortel Barks
Vekas Donald-blad inneheld både ei ny Kari Korhonen-historie og ein klassisk Gottfredson-tosider, men kanskje vil likevel historia «Kampen om gulleplene» vera høgdepunktet for mange. For sjølv om historia er heilt ny, stammer ideen frå ei refusert Carl Barks-historie.
Ifølgje siste KVAKK! var «Race for the golden apples» opprinneleg ei Barks-historie som blei refusert av forlaget. Skissene til historia har for lengst gått tapt, og manuset er difor nyskrive av barksisten Geoffrey Blum, basert på Barks' hukommelse. Teikningane er ved Daan Jippes.
Dersom du likte Rodriques og Pat og Carol McGreals historie «Perler på en snor», som stod på trykk i Donald Duck & Co 37-38/2003, kan du glede deg over at historia har fått ein oppfølgjar. I vekas fortsetjingshistorie, «Når mumien våkner», dukker elvepiratdronninga Lotusblomst opp i Andeby, tilsynelatande for å stjele ein sjelden amulett. Men ting er ikkje alltid så enkle som dei virker ...
Liker du Kari Korhonen, er han tilbake med ei ny førstehistorie i vekas nummer, der Donald i kraft av å vera ein elendig løgner må klare å bløffe for sjefen sin. Vi kan jo tenkja oss korleis det går ...
Donald Duck & Co 41/2007 inneheld:
- Donald Duck: «Ærligheten selv» av Kari Korhonen (10 sider)
- «Latterkrampe» (1 side)
- Ei klassisk avisstripe av Bob Karp og Al Taliaferro
- Mikke Mus: «Årets oppfinnelse» [utgitt første gong på norsk i DD&Co 29/2001] av Floyd Gottfredson (tusjing av Al Taliaferro) (2 sider)
- Donald Duck: «Kampen om gulleplene» av Geoffrey Blum og Daan Jippes (14 sider)
- «Hodepine» (3 sider inkl. krimgåte)
- Krimgåte: «På leting etter Svarte-Petter» av Mette Hald og Miguel (1 side)
- Petter Smart: «Kongelig oppfinner» av Janet Gilbert og Santanach (6 sider)
- «Kvakktuelt» (2 sider)
- Bestemor Duck: «Modernisering» av Pat McGreal, Carol McGreal og Santanach (7 sider)
- Tema: «Mumier» (2 sider)
- Mikke Mus: «Når mumien våkner» [del 1] av Pat McGreal, Carol McGreal og Rodriques (7 sider)
- Premieoppgave: «Hold naturen ren!» (1 side) -- vinn stor Rottatouille filmpakke
- Onkel Skrue: «Nyttig inspirasjon» av Pascal Oost og Santiago Barreira (3 sider)
Vekas ekstra: Rottatouille skrivesett
Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til tysdag 9. oktober 2007
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.

