Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

DD40/07: Rosa, Van Horn og Barks i same blad!

Andeby Online > Nyhende > DD40/07: Rosa, Van Horn og Barks i same blad!

Med eit Barks-gjenopptrykk, ein gamal Van Horn-tosider som aldri har stått på trykk i Noreg og ein ny Don Rosa-plakat, burde vekas Donald Duck & Co innehalde noko for einkvar smak.

Månadens Don Rosa-plakat omhandler Gulbrand Gråstein. Barks brukte Gråstein i berre tre historier, og i så måte er det ganske godt gjort at Rosa klarer å trekke fram såpass mange Barks-motiver med Gråstein.

I tillegg inneheld bladet som sagt historier av både Carl Barks og William Van Horn. Barks-opptrykket er historia «Elgjakten», som blei utgitt første gong på norsk i 1957, medan Van Horn-historia, ein tosider med manus av John Lustig, her blir utgitt for første gong, til tross for at den kan sporast heilt tilbake til 1989.

Donald Duck & Co 40/2007 inneheld:

- Donald Duck: «Operasjon hevn» av Per Hedman og Vicar (12 sider)

- Ekstra: «Spionsett» (1 side)

- Donald Duck: «Elgjakten» [utgitt første gong i DD03/57] av Carl Barks (10 sider)

- Tema: «Grådige Gulbrand!» [Skrue 60 år] (1 side)

- Bestemor Duck: «Høyt henger de ...» av Ruud Straatman og Santiago Barreira (3 sider)

- «Latterkrampe» (1 side)

- Ei klassisk avisstripe av Bob Karp og Al Taliaferro

- Donald Duck: «Med lokk og utur» av John Lustig og William Van Horn (2 sider)

- «Hodepine» (3 sider inkl. krimgåte)

- Krimgåte: «Pokerturneringen» av Wiktor Ericsson og Miguel (1 side)

- Mikke Mus: «Action Andersen» av Dave Rawson og Euclides Miyaura (10 sider)

- «Kvakktuelt» (2 sider)

- Onkel Skrue: «Det magiske speilet» av Frank Jonker og Josè Colomer Fonts (11 sider)

- Premieoppgave: «Nabokrangel» (1 side)

- Donald Duck: «Revejakten» av Jim Kenner og Vicar (1 side)

Vekas ekstra: Eit spionsett og ein ny plakat i serien «Skrue 60 år» av Don Rosa

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til fredag 28. september 2007

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.