Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Daan Jippes til Raptus

Andeby Online > Nyhende > Daan Jippes til Raptus

Den nederlandske Disney-teiknaren Daan Jippes, kanskje først og fremst kjent for å ha vore med på å puste nytt liv i Donald Duck-seriar i Europa på 1970-talet og å ha gjenteikna ei rekke av Carl Barks' hakkespettseriar, kjem til Raptusfestivalen i år.

Jippes, som er 61 år gamal, leverte si første Disney-historie i 1972. Saman med Freddy Milton laga han på 1970-talet ei rekke historier i gamal barksistisk stil som verkeleg la grunnlaget for mykje av det vi reknar som gitt i nordeuropeiske Disney-seriar i dag. I dag jobber han i hovudsak for Egmont, og er spesielt kjent for at han gjenteiknar ei rekke Carl Barks-historier som Barks sjølv ikkje hadde teikningane til, med ein strek som ligg nærare opptil Barks' strek enn den opphavlege.

Raptusfestivalen arrangerast 28.-30. september 2007 i Grieghallen i Bergen. Andre stadfesta gjester på festivalen så langt er Achdé (Lucky Luke), Marcello Toninelli (Dante, Berlustory, Strip Wars), Jerry Scott (Zits, Trulte, Baby Blues), David Bishop (Fantomet, Doctor Who, Judge Dredd), Paul Grist (Jack Staff, Kane, Crisis), Albert Weinberg (Dan Cooper), Vince Deporter (Spongebob, Scooby-Doo, Flintstone, Batman, Superman, Rugrats, Jetsons, Ed, Edd og Eddy), Dany (Bernard Prince, soft erotikk et.al.), Peter Madsen (Valhall, Historien om en mor, Menneskesønnen), Michel Blanc-Dumont (Blueberrys unge år), Knut Westad (Fantomet, Tigalo, Peer Gynt), Hermann Huppen (Jeremiah, Comanche, Bernard Prince + div ridderserier), Tibet (Allan Falk), Thierry Capezzone (H. C. Andersen junior) og Det Mögels (teikneserieteaterforestillinga «Kafé Plankton»).

For meir informasjon, sjå www.raptus.no

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til torsdag 19. april 2007

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.