Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Andebymatematikk på UiO

Andeby Online > Nyhende > Andebymatematikk på UiO

Som ein del av realstudentfestivalen «Bjørnegildet 2007» ved Universitetet i Oslo skal professor Nils Lid Hjort i neste veke halde eit foredrag om matematikk i Andeby.

Foredraget skal vera onsdag 14. februar frå 15.00 til 16.00 i Auditorium 2 i biologibygget.

Nils Lid Hjort, som er professor ved matematisk institutt og dessutan eit kjent namn i donaldistmiljøet, skal i sitt foredrag belyse dei særeigne formene for matematikk, fysikk, sannsynlegheitsteori og datateknologi som råder i teikneseriemetropolen.

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til torsdag 8. februar 2007

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.