Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

UR-Donaldistene oppretta

Andeby Online > Nyhende > UR-Donaldistene oppretta

Donaldistene har no oppretta ei undergruppe, UR-Donaldistene, som har som hovudoppgåve å studere og kommentere Jon Gisles bok Donaldismen og perioden 1968-1978.

Denne undergruppa er oppretta i forbindelse med nyutgivinga av <i>Donaldismen</i>, og har altså som hovudoppgåve å studere og kommentere boka, samt perioden frå 1968 (då Donaldistene blei oppretta) til 1978 (då urperioden i donaldistisk forskning tok slutt). Det er leiar av Donaldistene, Jan P. Krogh, som skriver dette i ein e-post.

Sjølv om UR-Donaldistene er ei undergruppe av Donaldistene, har gruppa eigne vedtekter og ein eigen medlemsdiplom. I tillegg får alle medlemene eit personleg eksemplar av Donaldismen til odel og eie. Medlemskap koster 175,- kr og varer livet ut, og kan skaffast ved å sende 175 kr til Donaldistene, Rosendalsv. 5, 2760
Brandbu, konto 2020.31.67491.

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til måndag 4. desember 2006

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.