Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Ei veldig donald advent

Andeby Online > Nyhende > Ei veldig donald advent

Butikkane har latt seg fylle opp av adventskalendarar i nesten ein månad allereie, og det er heller inga utfordring å finne adventskalendrar på Internett. Vi har funne tre stykker som alle er Donald-relaterte.

<a href="http://www.serie.no">Egmont Serieforlagets nettbutikk, serie.no,</a> skal i år ha ein adventskalender der du kan få testa dine kunnskaper om Andeby og vera med i trekninga av fine Donald-bøker.

Konkurransen varer frå 1. til 24. desember, og kvar einaste luke inneheld eit nytt spørsmål, og alle som svarer riktig er med i trekninga av fem bøker kvar fredag. Det er serie.no's nyhendebrev som opplyser om dette. Det opplysast ikkje nøyaktig kva «fine Donald-bøker» det er snakk om.

I år som i fjor og året før vil vera mogleg å leggja inn svar på Donald Duck & Co's adventskalender <a href="http://www.donald.no">på bladets heimeside donald.no</a>. Kalenderen, som følgjer med i Donald Duck & Co 48/06, er vakker å ha på veggen, men skulle du ønskje å spare pengane vil det, dersom konkurransen er lagt opp på same måte som i fjor og i forfjor, vera mogleg å få oppgitt spørsmåla på nettet og på den måten avgi svar utan å faktisk kjøpe kalenderen.

Dessutan har Tormod Løkling og Arild Midthun for andre år på rad laga ein julerelatert Donald-stripeserie på 24 striper, ein serie vi håper å sjå i så mange aviser og på så mange nettstader som mogleg. Dagbladet starta serien allereie på tysdag, men dei viser den berre i papirutgåva. Vi har diverre ikkje ei komplett oversikt over kva nettstadar det vil vera mogleg å lese denne serien på, men som opplyst tidlegare vil det vera mogleg å lese den her på Andeby Online. Vi vil rettnok liggja nokre dagar bak Dagbladet, ettersom vi ikkje startar før 1. desember, noko vi innser at kan by på forviklingar, så dette beklager vi og håper det er noko folk klarer å leve med. Men lever du etter ordtaket «Betre seint enn aldri», har du iallfall <em>moglegheit</em> til å lese stripene her.

Same kva kalender du måtte foretrekke, ønskjer vi deg ei god adventstid!

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til torsdag 30. november 2006

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.