Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Adventsserie på Andeby Online

Andeby Online > Nyhende > Adventsserie på Andeby Online

I går skreiv vi om at Bulls for andre år på rad gir ut ein adventsserie på 24 striper, teikna av Arild Midthun. I fjor var det relativt vanskeleg å finne aviser, og spesielt nettaviser, der denne serien var tilgjengeleg -- i år blir det enklare. Serien vil nemlig gå her på Andeby Online!

Temaet for årets serie er at Magica frå Tryll kjem til Andeby. Ho forhekser snømannen til Ole, Dole og Doffen så den blir levande, og byrjar å øydeleggja juleførebuingane i Andeby. Den einaste måten byen kan få fred på, er å gå saman og tvinge Skrue til å gi frå seg lykketiøringen. Men Skrue og familien hans gir seg sjølvsagt ikkje utan kamp ...

Arild Midthun er den einaste norske Donald-teiknaren i dag, og den andre Donald-teiknaren i noregshistoria. Han laga òg teikningane til fjorårets adventsserie. Manuset til serien er skrive av Tormod Løkling, som òg skreiv manus til fjorårets adventsserie.

Dette blir første gong ein kan lese Disney-teikneseriar på Andeby Online, og sidene har i den forbindelse fått eit nytt design som gjer at vi kan leggja ut breidare striper. Serien kjem til å bli oppdatert med ei ny stripe kvar dag frå 1.-24. desember, og vi kjem til å la heile stripearkivet liggja ute på sidene fram til november 2007.

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til fredag 17. november 2006

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.