Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Ny Donald-jul frå Midthun

Andeby Online > Nyhende > Ny Donald-jul frå Midthun

Bulls Press avslører no at det òg i år kjem ein juleserie på 24 striper, og i år som i fjor er serien teikna av Arild Midthun.

Stripene presenterer akkurat som i fjor ei samanhengande historie med avsluttande poeng for kvar dag, og temaet for årets serie er at Magica frå Tryll kjem til Andeby. Ho forhekser snømannen til Ole, Dole og Doffen så den blir levande, og byrjar å øydeleggja juleførebuingane i Andeby. Den einaste måten byen kan få fred på, er å gå saman og tvinge Skrue til å gi frå seg lykketiøringen. Men Skrue og familien hans gir seg sjølvsagt ikkje utan kamp ...

Vi har for augeblikket ingen kjennskap til kva aviser som vil trykke årets juleserie, men Andeby Online kjem høgst sannsynlegvis tilbake med meir.

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til torsdag 16. november 2006

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.