Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Donald-NM sparkast i gong 1. november

Andeby Online > Nyhende > Donald-NM sparkast i gong 1. november

I fjor arrangerte Andeby Online tidenes første NM i Donald -- då var det Øyvind Braaten frå Sarpsborg som gjekk av med sigeren. Frå og med i morgon må noregsmeisteren forsvare tittelen, når årets NM byrjar.

Årets NM skal etter planen vare frå 1.-20. november, og mykje vil minne om fjorårets meisterskap. Som tidlegare vil vi ha spørsmål av ulik vanskegrad utan svaralternativer, og som tidlegare får vinnaren ein pokal merka «Noregsmeister i Donald» til odel og eige.

Nytt av året er at cirka 40 % av oppgåvene kjem til å vera biletoppgåver. Det vil seie at du får sjå eit bilete og blir nøydt til å, basert på dette, gjette kven teiknaren er, eller kva historia heiter, eller kva figuren heiter, eller noko tilsvarande. Dette vil forhåpentlegvis kunne gjera meisterskapet litt meir spennande, i og med at vi får oppgåver det ikkje blir like lett å google etter.

Dommarar er i år som i fjor Tommy Kvarsvik og Olaf Moriarty Solstrand.

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til tysdag 31. oktober 2006

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.