Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Don Christensen har gått bort

Andeby Online > Nyhende > Don Christensen har gått bort

Don Christensen gjekk bort 18. oktober i år, 90 år gamal.

Donald Ragnvald Christensen, født juli 1916 i Minneapolis, var aktiv Disney-forfatter i fleire tiår. Ifølgje INDUCKS medverka han til over 180 historier, kor den første kom allereie i 1950. Ganske mange av desse historiene er utgitte på norsk, og dei teiknarane som illustrerte flest historier saman med er Jack Bradbury, Paul Murry og Tony Strobl.

Han jobba òg som skisseteiknar i Disney-studioa frå 1937, der han mellom anna jobba med storfilmane <i>Pinocchio</i> og <i>Dumbo</i>, men han forlot denne stillinga etter den store streiken i 1941. Christensen har òg vore med på å lage både teiknefilmar og teikneseriar for mellom anna Warner Bros. og Hanna-Barbera.

Kjelder: Tor Ødemark / <a href="http://coa.inducks.org/creator.php/x/DCh/">INDUCKS</a>

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til onsdag 25. oktober 2006

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.