
Andeby Online > Nyhende > Ny rammehistorie i Donald Pocket
I gamle Donald Pocket-bøker var det vanleg at det eksisterte ei rammehistorie -- ei historie som knytta alle dei andre historiene saman til ei historie. I Donald Pocket 311, «Krympegassen», som kjem 10. juli, er denne tradisjonen vekt til live.
Rammehistoria handler om at Donald har vunne ein formue i Lotto, og bestemt seg for å ta med seg Dolly, Skrue, Ole, Dole, Doffen, Mikke, Minni og Langbein på ferie til det eksotiske ferieparadiset Paradise. Pluto har òg klart å snike seg med. Heile rammehistoria finner stad på flyet til Paradise -- og for å fordrive tida fortel venegjengen historier til kvarandre om tidlegare eventyr.
Rammehistoria er skrive av Pat og Carol McGreal og teikna av Fecchi -- og skulle ei enkel rammehistorie ikkje vera kontinuitet nok for deg, stopper det ikkje der. Både slutten av historia og forsida på neste pocketbok tyder nemlig på at vi får sjå fortsetjinga av denne historia i Donald Pocket nummer 312, «Blåst».
<b>Sist vi fekk ei rammehistorie i Donald Pocket var</b> (med forbehold om at artikkelforfattaren kanskje hugsar feil) <b>i Donald Pocket 57, som blei utgitt for 22 år sidan.</b>
Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til laurdag 8. juli 2006
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.

