
Andeby Online > Nyhende > Gullhjelmen som sommerlesning
Som vanleg er det sumarlesning med utvida blad i Donald Duck & Co. denne sumaren, og årets første langlesning er Barks-klassikeren «Gullhjelmen» i nummer 28.
I «Gullhjelmen» må Donald forhindre at den onde Stein Blåøy og hans medsamansvorne advokat Skarp får tak i ein gullhjelm som ligger skjult ein stad på Labrador. Denne hjelmen beviser nemlig at Olav Blåøy kom til Amerika lenge før Columbus, og ein gamal lov gir då Stein Blåøy eigendomsrett over heile kontinentet!
Historia om Gullhjelmen blei første gong utgitt på norsk som eit eiget hefte i 1954. Sist denne historia blei utgitt, var i boka «Carl Barks' beste» i 2001.
<b>Donald Duck & Co. nummer 28 er i salg frå 10. juli.</b>
Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til laurdag 8. juli 2006
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.

