Dette forumet skal vera ...
Andeby Online > Diskusjonsforum > Reglar for forumet
Sist oppdatert 11. august 2008
... hyggeleg.
- Diskuter sak og ikkje person. Ikkje trakasser meddebattantane dine. Godta at folk har andre meiningar enn deg. Ikkje krenk privatlivets fred. Godta andre menneskes eigenart, identitet, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn. Nedsetjande kommentarar øydeleggjar god stemning.
- Du kan ikkje skrive, laste opp, lenkje til eller på annan måte publisere noko som kan medføre straffeansvar, er ærekrenkande, rasistisk, truande, obskønt, pornografisk eller på annan måte er i strid med norsk lov. Merk at dette inkluderer direktelinking til bilete som er lagt ut på nett av andre enn rettigheitshavar (du har til dømes ikkje lov til å skanne Disney-teikneseriar eller delar av desse og leggja ut link til desse frå forumet med mindre du har fått løyve til dette frå The Walt Disney Company).
- Ikkje pirk på detaljar. Ikkje rett bittesmå feil til stadigheit.
- Ikkje skriv innlegg berre for å provosere.
- Ikkje øydelegg debatten med spamming (gjenteke posting av same innlegg), flooding (innlegg som inneheld den same linja veldig mange gonger) eller andre medvitne forsøk på å øydeleggja debatten.
- Ikkje avslør detaljene i historier og filmar som det sannsynlegvis er mange som ikkje har lest enno. Dersom du ønskjer å diskutere noko som skjer som krever at du avslører handlinga i ei historie, putt detaljane i ein spoilerboks (du finn retningslinjer for korleis gjera dette i oversikta over tilgjengeleg tekstformatering).
- Om det var noko du gløymte å skrive, ikkje skriv eit nytt innlegg. Klikk heller på "rediger innlegg" for å endre det forrige. Dobbeltposting er ofte irriterande.
- Dersom du veit at ein diskusjon har vore oppe mange gonger tidlegare, du ikkje har noko nytt å kome med i debatten og du på mange måtar allereie veit kva alle meiner om temaet frå ein tidlegare diskusjon, la vera å starte opp denne debatten på nytt. Andeby Online trenger ikkje fleire diskusjonar om korvidt Don Rosa er 100 % ufeilbarlig eller om kva kvar enkelt debattant legger i ordet «originalspråk». Du trenger sjølvsagt ikkje å søke gjennom forumet kvar gong du skriver eit innlegg for å finne ut om temaet har vore oppe tidlegare, men enkelte tema er så gjennomdiskuterte at alle som har brukt forumet ei stund bør kjenne til dei.
... relevant.
- Dette er eit forum for Disney-relaterte diskusjonar. Her diskuterer vi Donald Duck, Mikke Mus, onkel Skrue og andre Disney-teikneseriar og Disney-filmar. Om du ønskjer å diskutere noko heilt anna, bør du finne deg eit anna forum å ta den diskusjonen i.
- Ikkje skriv «off topic»-innlegg. Dersom ein diskusjonstråd handler om «Skrue McDucks liv og levnet», skal du ikkje bruke den tråden til å byrja å diskutere detaljane i «Der Führer's Face».
- Ikkje trekk fram ein tråd som ikkje har vore aktiv på mange månader med mindre du har noko veldig interessant å tilføre debatten.
- Det er tillatt å skrive innlegg om andre teikneseriar enn Disney-seriar i forumet, men desse må skrivast i diskusjonstråden «Andre tegneserier».
... forståeleg.
- Skriv innlegga dine på norsk (bokmål eller nynorsk), svensk, dansk eller engelsk.
... sakleg.
- Hald ein sakleg tone i dine innlegg.
- Hald språket ditt på eit sakleg nivå, som når du skriver brev eller e-post. Bruk vanlegvis berre eitt utropsteikn/spørsmålsteikn - bruk gjerne opp til tre når du skal understreke noko viktig, men ikkje bruk femten berre for å vise deg fram eller fordi du ikkje får viljen din. Ikkje skriv setningar/innlegg med berre store bokstavar - det finst betre måtar å understreke ting på.
- Bruk sunn fornuft. Ikkje legg inn innlegg berre for å provosere.
- Følg norske reglar for opphavsrett. Du kan ikkje kopiere artiklar som er publisert i andre media. Du kan sitere korte utdrag, men berre med tydeleg referanse til kvar artikkelen har vore publisert og kven som har skrive han.
- Ikkje legg ut e-postadresser i forumet. Til nød kan du leggja ut di eiga adresse i forumet, men ikkje del andres adresser. Dersom du gir ut e-postadressa til nokre andre (og særleg dersom det gjeld kjendisar som Arild Midthun eller Don Rosa) i eit forum på denne storleiken, medvirker du til at dei får tonnevis av ekstra plagsom e-post, både frå ivrige forumbrukarar av alle aldrar og frå dei mange hundre spamrobotane som besøker Andeby Online dagleg. Dersom du absolutt må gi nokons e-postadresse vidare, gjer det via privat melding.
... ærleg.
- Det er fullt tillatt å vera anonym her, men ikkje bløff om kven du er. Det er t.d. heilt valfritt å oppgi alder, men ikkje oppgi ein feilaktig alder for å få folk til å tru at du er mykje yngre eller mykje eldre enn du eigentleg er.
- Det er heller ikkje tillete å opprette fleire brukarprofilar med den intensjon å innbille andre debattantar at du er fleire ulike personar. Det er fullt tillete å opprette ein ny profil dersom noko er galent med den gamle (t.d. at du ikkje hugsar passordet), men ikkje lat som om du er ein heilt ny person, og ikkje diskuter med deg sjølv.
... interessant.
- Prøv å begrunne meiningane dine. Omtrent ingen er interesserte i å høyre at du meiner at "Donald er kuuuul!" med mindre du i tillegg seier kvifor.
- Ikkje skriv innlegg dersom du ikkje har noko å tilføre debatten.
... ikkjekommersielt.
- Det er ikkje tillatt å prøve å selge produkter eller tjenester gjennom forumet.
- Det er heller ikkje tillatt å drive reklame for produkter eller tjenester du sjølv har økonomisk interesse for i forumet.
- Dersom du produserer eller medvirker til å produsere eit produkt som er av stor donaldistisk interesse, til dømes eit indeks, eit tidsskrift eller ei nettside, har du lov til å skrive eit innlegg der du kort opplyser om kva dette går ut på, og gir ei lenkje til ein stad der folk kan finne meir informasjon om produktet, så lenge du klarer å halde dette kort, sakleg og interessant. Unngå innlegg av typen «Her kan du kjøpe ...» eller «Dette produktet som eg er med på å lage, er knallbra fordi ...». Du har sjølvsagt lov til å svare på direkte spørsmål, og du har òg lov til å stille spørsmål i forumet dersom du ønskjer hjelp til utforminga av noko, t.d. om du jobber med ein artikkel og lurer på kva andre meiner at du bør leggja vekt på.
... fullt av ansvarsmedvitne og aktive brukarar.
- Du er personleg ansvarleg for innhaldet i dei innlegga du legg inn i forumet, og held Andeby Online skadeslaus ved eventuelle krav frå tredjeperson som følgje av dine debattinnlegg.
- Dersom du er registrert brukar, hald passordet ditt hemmelig. Du vil bli haldt ansvarleg for innlegg som er skrive med ditt namn, same kven det er som sit ved datamaskina.
- Moderatorane vil fortløpande vurdere alle innlegga som blir lagt inn. Dei innlegga som strider mot reglane, kjem vi til å redigere eller slette heilt. I ekstreme tilfelle, der vi ser at ein person bryter reglane om og om igjen, er det mogleg at vi vil gå til det steget å utestenge ein debattant.
- Det er moderatorane som bestemmer. Om vi meiner at noko er i strid med reglane, er det det. Og dersom ein moderator ber deg om å slutte med noko, gjer du det.
- Du godtar at IP-adressa du skriver innlegg frå blir loggført. Denne informasjonen kjem ikkje til å bli misbrukt eller gitt vidare til andre, men ved ekstreme tilfelle av lovbrot vil vi bistå folk med å finne ut kven du er, og om du bryter forumet veldig ofte og utestenging av brukaren ikkje er nok til å halde deg ute, kan IP-en din bli sperra.
- Du aksepterer at desse reglane kan endre seg både ofte og drastisk, og skjøner difor at det kan vera smart å lese dei av og til.

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.
