
Andeby Online > Diskusjonsforum > Fantonald
Gå tilbake til forumoversikta ...

Jeg leste for en stund siden en historie hvor Donald rømmer fra Skrue til Petter Smart. Og sender selg selv et par år inn i fremtiden. Hvor han finner ut at Ole, Dole og Doffen har tatt over for han som fantonalds etterfølgere etter at han forsvant. Og at B-Gjengen har rekrutert meldemer utenom familien B til å lage bråk.
Jeg klarer rett og slett ikke å huske hvor jeg leste den. Noen der ute som vet?
Langbein_
28 år, Kristiansand
22.01.2006, 04:17


Hei,
er 98 % sikker på at du tenker på «Arvtakerne» i Donald Pocket 294, som kom i fjor vår ein gong. Har boka i Trøndelag, så får ikkje dobbeltsjekka det, men er //ganske// sikker på at det er den. Historia er skrive og teikna av Lucio Leoni og Emanuela Negrin, og eg hugsar at eg likte den ganske godt sjølv.
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin
Innlegget blei sist redigert 22.01.2006, 04:48 av Olaf Moriarty Solstrand
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
22.01.2006, 04:48


Kan jo seie korleis eg fann den så du har litt å starte med neste gong ... Eg gjekk inn på http://coa.inducks.org og valde //Avansert// //søk.// Eg hugsa at historia var italiensk, så eg la inn at historiekoden skulle starte med I. Eg visste at Fantonald var hovudpersonen, så eg la inn PK i Hero-feltet. Hadde eg berre tenkt på det, kunne eg òg ha lagt inn Ole, Dole, Doffen og B-gjengen i figurfeltet for å redusere antall søk. Eg meinte at historia var ganske ny, antok at det ikkje var SÅ lenge sidan den først blei utgitt i Italia heller, så eg begrensa til historier først utgitt ein gong etter år 2000. Og eg visste at historia er utgitt i Noreg, så eg huka sjølvsagt av for det. Så huka eg av for å vise norske titlar for alle utgivingar, og då fekk eg opp ei grei liste over Fantonald-historier. Ved å lese over titlane skjønte eg fort kva historier som var heilt uaktuelle. Etterkvart var det to historier igjen som verka aktuelle for meg, og då leste eg berre beskrivingane av dei, og «Arvtakerne» skilte seg ut som det openbare fasitsvaret.
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
22.01.2006, 15:38

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.

