
Andeby Online > Diskusjonsforum > korthistoriene i hall of fame
Gå tilbake til forumoversikta ...

disse korthistoriene som er i don rosas hall of fame, holder ikke samme kvalitet som langhistoriene. synes dem kunne latt vær å ta med disse, og heller tatt flere av de lengre historiene.
koster jo tross alt flesk disse bøkene.
hadde kanskje vært bedre med en best of don rosa sådan...men det er vel ingen serier av han som har solgt bedre enn andre, alle er jo kommet ut i bladet uansett.
11.10.2005, 18:32


Poenget med Don Rosa-bøkene i Hall of Fame er å samle alt som Don Rosa har laga. Inkludert dei dårlege historiene.
Men eg må jo seie at eg er ganske einig i at eg heller skulle sjå at dei samla dei BESTE historiene hans i Hall of Fame i staden for å absolutt skulle gi ut alle.
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
11.10.2005, 18:35


Vel, ja, det ville gjort kvar individuell Rosa-bok betre og HoF-serien meir symmetrisk, men då ville det blitt færre Rosa-bøker, og dei er i praksis gulrota Egmont forsøker trekker abonnementer med i HoF. Særleg no som CBL gjer Barksbøkene endå mindre interessante. :-) Heller eit par bøker med nokre korte, ikkje-fullt-så-gode historiar enn ingen serie i det heile tatt, som fort kunne blitt alternativet.
"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria
Loke Aesir
23 år, Vik
11.10.2005, 19:30


Altså, det blir jo veldig indivudelt da. Hva som er bra og hva som er dårlig liksom. Syntes det er kjempebra at de gir ut alt av Don Rosa på den måten, så får vi bestemme selv hva vi vil lese. Her får man både i pose og sekk slik jeg ser det. Prisen er jo standard pris på tegneseriebøker nå om dagen.
Pocket
25 år
12.10.2005, 01:03


Ettersom Egmont set standarden er ikkje akkurat det så veldig rart. ;-)
Men prisen er sikkert grei - ei hardcover bok i samme størrelse hadde kanskje kosta femti kroner mindre, men den ville tilgjengjeld kun hatt svart tekst, ikkje hundrevis av sider i full farge.
Og eg er glad for Rosas samlede, eg, dei er hovudgrunnen for at eg abonnerar. Eg er berre einig i at det kanskje ikkje passar heilt perfekt i samlinga på den måten det er lagt opp no. Og det same gjeld Barks-bøkene.
"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria
Loke Aesir
23 år, Vik
12.10.2005, 01:21


dahle skreiv:
Disse korthistoriene som er i Don Rosas hall of fame, holder ikke samme kvalitet som langhistoriene. synes dem kunne latt vær å ta med disse, og heller tatt flere av de lengre historiene.
Flere av disse historiene er ikke utgitt på norsk annensteds og hører da selvsagt med i HOF.
Pocket skreiv:
Altså, det blir jo veldig indivudelt da. Hva som er bra og hva som er dårlig liksom. Syntes det er kjempebra at de gir ut alt av Don Rosa på den måten, så får vi bestemme selv hva vi vil lese. Her får man både i pose og sekk slik jeg ser det. Prisen er jo standard pris på tegneseriebøker nå om dagen.
Kanskje standard i Norge ja, men IKKE nordisk standard. Det er således ingen urimelighet i å mene at disse bøkene er dyre.
Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html
Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER
Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/
Sigvald
41 år, Stavanger
12.10.2005, 01:49


Sigvald, da kan forhåpentligvis du fortelle meg prisen på HOF i de andre nordiske landene. Så kan jeg sammenligne med den norske kronekursen og se hvordan det ligger an.
Pocket
25 år
12.10.2005, 02:03


Sigvald skreiv:
Flere av disse historiene er ikke utgitt på norsk annensteds og hører da selvsagt med i HOF.
I //Egmonts// definisjon av "Hall of Fame" ja, men det høyrer jo ikkje heime i uttrykket "Hall of Fame" - som vanlegvis brukast for å dekkja dei største av dei største, kremen av kremen, dei aller mest berømte.
Den einaste grunnen til at desse historiene kjem med i Hall of Fame, er at Egmont har bestemt seg for å gi ut alt Don Rosa har laga. Difor kjem dei med. Og for all del, eg seier ikkje at det er ei //dårleg// beslutning å ta med alt Don har laga, eg ser at mange har svært stor glede av det, og hadde eg tatt meg råd til å abonnere hadde eg sikkert sett pris på det sjølv - Don Rosa er god, han.
Men det einaste som etter mi meining "høyrer med" i Hall of Fame, er bøker som hyller ulike serieskaparar. Alt anna er berre krydder og garnityr - som kanskje trekker opp heilheitsinntrykket, men som ikkje er hovudpoenget med serien, og som heller ikkje er grunnen til at Egmont vil at vi skal kjøpe serien. Tittelen på verket er "Hall of Fame", ikkje "Don Rosas samlede verk" eller noko slikt, og det tolker eg slik at "denne bokserien kjem til å innehalde representative og gode historier frå alle dei beste Disney-serieskaparane i verda". At dei veljar å løyse akkurat Don Rosa-bøkene på denne måten, er Egmonts val, og sannsynlegvis er det eit smart val. Men det er noko dei gjer heilt valfritt. Det er ikkje slik at vi får levert alle dei dårlegaste historiene til Don fordi "dei høyrer med her". For at dei ikkje har vore utgitt på norsk før, medfører ikkje at dei er så gode at dei høyrar med i ein "Hall of Fame". Dei er garnityren. Det vesle ekstra. Som komplettistar jubler over, og enkelte andre gjerne skulle sjå at ikkje var med i desse bøkene i det heile tatt.
Personleg skulle eg gjerne sjå dei utelatt, men eg godtar dei basert på at eg veit at beslutninga er å gi ut alt Don Rosa har laga. Som frå ein objektiv ståstad ikkje er ei dårleg beslutning, sjølv om eg ikkje synest at det høyrer heime i Hall of Fame.
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
12.10.2005, 11:07


Nja, ikkje heilt einig. "Hall of Fame". Dei mest berømte. Barks og Rosa er suverent mest berømt, og difor får dei òg flest bøker. Det heng på greip.
«Å, Donald! Nå kan ingenting få meg i dårlig humør.»
Dolly Duck.
Sølve
19 år, Ullensvang
12.10.2005, 18:54


Sølve skreiv:
Nja, ikkje heilt einig. "Hall of Fame". Dei mest berømte. Barks og Rosa er suverent mest berømt, og difor får dei òg flest bøker. Det heng på greip.
Ja, det gjer det. Det som ikkje heng på greip er at dei blir presentert etter andre **kriterier** enn dei andre. Det ville gitt meining å sei at dei er mest berømt, og difor får t.d. fire bøker kvar til å vise dei beste historiane sine i, samanlikna med dei andre som får ei eller kanskje to. Det gir **ikkje** meining å gjere som Egmont no gjer, som er å presentere Barkshistoriar etter heller tilfeldige tema og Rosa-historiar etter kronologi. Dette insinuerar at **alle** historiar av Barks og Rosa er gode nok til nå ei slik "best of"-samling, medan alle andre kun har eit fåtall historiar som kvalifiserar. Såklart Barks er enormt god, og såklart Don har mange kjempegode historiar, men å gjere det slik insinuerar at ALT Don og Barks har laga er godt nok til å gå i ei slik samling, at sjølv det dårlegaste av deira arbeid er jamngodt med kremen av alle andre Donaldskaparar.
Det er direkte pretensiøst, og er ei haldning eg føler meg rimeleg sikker på at både Barks og Rosa ville reagert på.
Nei, eg seier ikkje at Egmont bevisst har denne haldninga, men ved å velge Rosa- og Barkshistoriar til bokserien frå andre kriterier enn dei vel andre historiar er å gi eit sterkt signal i denne retninga, enten det er det som er meininga eller ei.
"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria
Loke Aesir
23 år, Vik
12.10.2005, 19:16


Pocket skreiv:
Sigvald, da kan forhåpentligvis du fortelle meg prisen på HOF i de andre nordiske landene. Så kan jeg sammenligne med den norske kronekursen og se hvordan det ligger an.
Jeg tror nok at AC har bedre oversikt over dette enn meg.
Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html
Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER
Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/
Sigvald
41 år, Stavanger
13.10.2005, 01:33


Jeg syns det helt supert, jeg, at de tar med alle historiene til Don:-)
I'm not worthless... I can be used as a bad example:P
General med blant annet hederstitlene T.R.O.P.P.S.S.J.E.F. og T.H.O.M.A.S.
Talentfulle, Hederlige, Orienterte, Mesterlige og Allvitende Speidergeneral
Talentfulle, Raske, Ordentlige, Pålitelige, Praktiske Snartenkte Sjef for Juniorhakkespettenes Eventyrlystne Flokk.
Innlegget blei sist redigert 15.10.2005, 19:23 av Ted
Ted
16 år, Bergen
15.10.2005, 19:23

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.

