
Andeby Online > Diskusjonsforum > salg.centertain.no
Gå tilbake til forumoversikta ...

Heisann.
noen som har erfaring med denne nettbutikken?
Noe og satse på?
Innlegget blei sist redigert 28.09.2005, 19:23 av Olaf Moriarty Solstrand
danielvh
20 år, Volda
08.05.2005, 17:41


Har ikkje erfaring med denne sjølv, men vi har faktisk diskutert den såvidt i forumet, fordi ein av debattantane (utan at eg skal nemne namn) var overbevist om at dette var sida til eit menneske som snyter på skatten, og meinte at sånt burde ikkje Andeby Online linke til. Den tråden blei bortredigert ettersom det overhovudet ikkje eksisterte bevis på det, og eigaren av sida (som er brukar på Andeby Online) dessutan sa klart ifrå om at dette ikkje var tilfelle.
Eg reknar med at det er ein heilt grei forhandlar, men du må hugsa på at dette ikkje er ein nettbutikk, men ein privatperson som rett og slett har lagt ut ei liste over dei teikneseriane han kan tenkja seg å selgje på nettet. Så ikkje forvent deg eit firma med masse garantiar og kundeavtalar og sånt, ikkje forvent deg å kunne betale med kredittkort o.l. - dette er ikkje ein stor butikk, det er ein privatperson som gjerne vil selge litt av teikneseriane sine. Det har sjølvsagt òg sine positive sider, for all del - du er sannsynlegvis garantert ei personleg og hyggeleg handleoppleving.
Eg har som sagt inga erfaring med han sjølv. Men eg trur ikkje at det skader å prøve å ta kontakt.
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
08.05.2005, 17:54


Olaf Solstrand skreiv:
Har ikkje erfaring med denne sjølv, men vi har faktisk diskutert den såvidt i forumet, fordi ein av debattantane (utan at eg skal nemne namn) var overbevist om at dette var sida til eit menneske som snyter på skatten, og meinte at sånt burde ikkje Andeby Online linke til.
Jeg har i hvert fall ALDRI hevdet av vedkommende snyter på skatten - derimot viste jeg til en avisartikkel om netthandlere som snyter på skatten og spurte om AOL som ellers er så nøye med det juridiske, var trygge på ingen lovbrytere benytter AOLs tjenster - jeg viste til denne (eller en liknende side) som et eksempel på en **netthandler** og så avgjort IKKE et eksempel på en skattesnyter. Arnstein reagerte riktignok med å utstenge en side (denne?), men på feil grunnlag idet kommersialisme jo er tillatt i Bruktbørsen.
Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html
Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER
Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/
Sigvald
41 år, Stavanger
08.05.2005, 21:45


Sigvald skreiv:
Jeg har i hvert fall ALDRI hevdet av vedkommende snyter på skatten
Du brukte denne sida som eit eksempel i ein tråd med tittelen "Bruktbørsen misbrukes av kriminelle". Kva du leggjer i det og ikkje er då litt irrelevant, fordi alle vil oppfatte det som ei beskyldning. Eigaren av den aktuelle sida tok seg iallfall nær av dette.
Men la oss på ingen måte rippe opp i det, fordi denne sida **ikkje** **er** kriminell. 
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin
Innlegget blei sist redigert 10.05.2005, 15:24 av Olaf Moriarty Solstrand
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
10.05.2005, 11:32


Olaf Solstrand skreiv:
Men la oss på ingen måte rippe opp i det, fordi denne sida ikkje **er** kriminell.
Da ville det kansje heller være på sin plass og utheve **ikkje** istedenfor **er** 
Innlegget blei sist redigert 10.05.2005, 12:10 av Lars Olav
Lars Olav
32 år, Grimstad
10.05.2005, 12:10

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.

