
Andeby Online > Diskusjonsforum > Andeby etter Skrue
Gå tilbake til forumoversikta ...
Side 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 14, 15, 16

Olaf Solstrand skreiv:
Ein ting, dog. Eg ser for meg at han blir ein stadig større og meir eventyrar, og på eit tidspunkt MÅ det jo byrja å sirkulere eit rykte om at det er han som er Super-Langbein. Eg meinar, han har vore ein del i Andeby, han er tøff, sterk og atletisk, han bruker svært mykje tid på å trene, han foretrekker å gå inn gjennom vindauget i 2. etasje i staden for å gå inn og gå trappa ... og han er PRIKK LIK. Det MÅ starte eit slikt rykte ein dag.
XD Der har me den perfekte spin-off-tittelen til hovudserien vår (me tenkte på å lage ei stor historie for kvart åt, sant?), "Tales of 1970: The Identity of the Super-Goof" med eit paparazzibilete av Beinson på veg ut av eit sjuetasjers vindauge som forside.
Ser for meg spekulasjonane - "superkrefter frå spesiell jungel-lakris?". "Beinson finner myteomspunnen artefakt samme år som Super-Langbein gjer sin fyrste offentlege opptreden... samantreff?"
"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria
Loke Aesir
23 år, Vik
24.05.2005, 19:19


Det geniale er jo at det faktisk er ei historie som nokon* kan skrive i dag, som ikkje er avhengig av at Skrue og Mikke er døde for lenge sidan. 
*) Iallfall dersom dei jobber for Disney Italia.
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
24.05.2005, 19:21


Olaf Solstrand skreiv:
Det geniale er jo at det faktisk er ei historie som nokon* kan skrive i dag, som ikkje er avhengig av at Skrue og Mikke er døde for lenge sidan. :-)
*) Iallfall dersom dei jobber for Disney Italia.
Ja... det har du rett i... men vår kontekst er betre egna for det, ettersom me skal gjere Super-Langbein meir stor, aktiv og kjent enn han er (i seriane er han vel strengt tatt fyrst og fremst kjent i Andeby), meir ein helt for USA enn for Andeby, og heller gi Fantonald rollen som Andebys beskyttar. Og jo større S-L er, jo større sjanse for at nokon gidd bruke tid på å undersøke han, og jo større opplag vil spekulasjonar rundt hans identitet selge.
"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria
Loke Aesir
23 år, Vik
24.05.2005, 19:23


Sigvald skreiv:
Rikerud er selvsagt ikke på min alder, han er mange, mange år eldre.
I DD22 kjem Rikerud med ein replikk som får han til å høyrast ut som ein elleveåring.
I Kinney/Scarpa-klassikaren "Jorda rundt med 80 plager", seier Rikerud "Kom med spretterten min! Det er Skrue som dingler så beleielig der oppe. Ha, ha! Fulltreffer! De kaller meg ikke Falkøye for ingenting!"
Synet til Rikerud er altså godt nok - og han er ung nok til at han ikkje berre **har** ein sprettert, men han er i tillegg veldig god til å bruke den. 
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
26.05.2005, 23:49


Vedr. Donalds kone og avkom:
Loke Aesir skreiv:
Olaf Solstrand skreiv:
Loke Aesir skreiv:
Og det gjorde du kjempefint, bortsett frå at eg kanskje småreagerer på at me skal introdusere ein heilt ny karakter til noko så sentralt som Donalds kone.
Vel. Minni har nettopp blitt singel. Vi har sannsynlegvis kome så langt i Svarte-Petters utvikling at Petra nettopp har blitt singel. Og Paperetta har vel rukke å bli vaksen. Det er dei einaste eg kan tenke meg som er passe aktuelle..
Hihi, Minni hadde vore tøft, men litt urealistisk. Petra er vel endå mindre sannsynleg, innser det... Paperetta går nok, sjølv om ein ny karakter nok er betre. Så ok, ein ny karakter. :-)
La meg først som sist komme ut av skapet som ihuga tilhenger av den sørgerlig underkjente italienske tradisjonen, representert ved genier som Carpi, Scarpa og Cavazzano (som jeg personlig syns går "genier" (pøh!) à la Rosa en høy gang og vel så det).
Anyway. I diverse nydelige Cimino/Cavazzano-fortellinger (fx TL 873 og AT 213, fact fans) skildres Donalds romantiske møte med den underdeilige havfruen Reginella (http://www-lce.eng.cam.ac.uk/~fms27/disney/cavazzano/). Hva om dette "møtet" ble mer enn bare et møte? Kanskje små søte ande-vanne-barn dukker opp senere hen...?
Barks | Scarpa | Gottfredson | Murry | Cavazzano
torgnyland.blogspot.com
Innlegget blei sist redigert 29.05.2005, 05:25 av Karamell
Karamell
40 år, Oslo
29.05.2005, 05:19


Klara Karamell skreiv:
La meg først som sist komme ut av skapet som ihuga tilhenger av den sørgerlig underkjente italienske tradisjonen, representert ved genier som Carpi, Scarpa og Cavazzano (som jeg personlig syns går "genier" (pøh!) à la Rosa en høy gang, og vel så det).
Heilt off-topic (men eg må nemne det likevel når eg ser at det faktisk finst folk her inne som kjenner namnet Cavazzano): Var du klar over at "World of the dragonlords", ei 164 sider lang fantasyhistorie i tolv deler med manus av Byron Erickson og teikningar av Giorgio Cavazzano (som av mystiske grunnar ikkje er utgitt i Skandinavia) no blir utgitt som graphic novel av Gemstone? Anbefalast på det sterkaste, eg skal iallfall ha den.
Eg er nok ein av dei som veldig gjerne skulle sjå ein teikneserie med manus av Rosa og teikningar av Cavazzano.
Anyway. I diverse nydelige Cimino/Cavazzano-fortellinger (fx TL 873 og AT 213, fact fans) skildres Donalds romantiske møte med den underdeilige havfruen Reginella (http://www-lce.eng.cam.ac.uk/~fms27/disney/cavazzano/). Hva om dette "møtet" ble mer enn bare et møte? Kanskje små søte ande-vanne-barn dukker opp senere hen...?
Straks det gjekk opp for meg kven det eigentleg var du snakka om, er eg 100% for (eg har aldri fått med meg at ho var havfrue, så eg skjønte ikkje heilt kva figur det var du prøvde å spleise Donald med no, men Reginella **er** jo verkeleg Donalds store kjærleik).
Det gjer rettnok at eg må revurdere mine tanker om at ho skulle bli utro med Donald ... Ho ER jo Donalds sanne kjærleik, så då er det heilt utelukka. 
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
29.05.2005, 05:34


Olaf Solstrand skreiv:
Heilt off-topic (men eg må nemne det likevel når eg ser at det faktisk finst folk her inne som kjenner namnet Cavazzano): Var du klar over at "World of the dragonlords", ei 164 sider lang fantasyhistorie i tolv deler med manus av Byron Erickson og teikningar av Giorgio Cavazzano (som av mystiske grunnar ikkje er utgitt i Skandinavia) no blir utgitt som graphic novel av Gemstone? Anbefalast på det sterkaste, eg skal iallfall ha den.
Eg er nok ein av dei som veldig gjerne skulle sjå ein teikneserie med manus av Rosa og teikningar av Cavazzano.
Tusen takk for tips! Dette var nytt (og ikke minst GODT nytt) for en I-fan som undertegnede. I mine øyne er Cavazzano (ved siden av de 2-3 altri italiani classichi) STOR. Og selv om jeg stadig disser fanatiske Rosa-groupies, syns jeg fyren sjøl iblant har mange gode og interessante ideer og håper på en liknende konstellasjon som den du er inne på. Jeg skal uansett være på vakt for Gemstone-publikasjonene du nevner.
For øvrig ønsker jeg Donald all lykke! Med Reginella, Paperetta eller andre skjønne fruentimmer han måtte finne tonen med. Håper han snart innser at Dolly er et blindspor og et jomfrunalsk hespetre som bare bringer med seg traurighet og en evig tilværelse på margarinfabrikken! Selv den snertne lille brunetten Minni ville være bedre... Jeg vet riktignok ikke helt hva Mikke ville synes om det, men han ble/blir jo uansett sprengt til Kingdom Come på slutten av 60-tallet. (Pøh og dobbelt-pøh! I've got news for you: Alle ender og mus lever fortsatt i beste velgående! Ikke hør på tullete donaldist-revisjonister!)
Barks | Scarpa | Gottfredson | Murry | Cavazzano
torgnyland.blogspot.com
Innlegget blei sist redigert 29.05.2005, 06:56 av Karamell
Karamell
40 år, Oslo
29.05.2005, 06:36


Det var då _veldig_ til energi du utviser på ein søndags morgon, Klara. *ler*
Olaf Solstrand skreiv:
Det gjer rettnok at eg må revurdere mine tanker om at ho skulle bli utro med Donald ... Ho ER jo Donalds sanne kjærleik, så då er det heilt utelukka. :-)
So we'll just kill her off like the rest of the bunch, then? ;-) Eventuelt bukker ho under for Antons ekstreme flaks. Eller kanskje Anton blir besatt av henne nettopp fordi ho ikkje gjer det. Og så blir Dolly sjukeleg sjalu på denne dama som har tatt begge mennene hennes, og drep ho. ;D (Ok, så var eg ikkje så VELDIG seriøs her... men ettersom ho må bort og skilsmisse er uaktuelt må det vel bli drap?)
"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria
Innlegget blei sist redigert 29.05.2005, 13:46 av Loke Aesir
Loke Aesir
23 år, Vik
29.05.2005, 13:46


Skilsmisse er ikkje uaktuelt, men utroskap er det ... Donald og Reginella har jo blitt fråskilte ganske mange gonger allereie.
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
29.05.2005, 22:51


Tilbake til Kladden.
Loke Aesir skreiv:
Er einig i at kirurgi er ein uting, men det MÅ då vere ein måte me kan klare å få til dette utan at det blir FOR urealistisk - og eg meinar at å gå med maske hundre prosent av tida er urealistisk for ein presidentkandidat/president.
Tja, eg er ueinig. Sjå t.d. på meksikanske Superbarrio*) - OK, han er verken presidentkandidat eller president, og formelt sett er han ikkje politikar heller, men han spelar jo ei viktig politisk rolle. Kanskje får verda fleire som Superbarrio snart - og eg ser ikkje på det som 100% urealistisk at ein maskert mann ein dag kan bli president. Pluss at det etter mi meining hadde vore det definitivt stiligaste å sjå på.
Kva om han simpelthen har brutt seg inn i statens datanettverk,sletta biletet av seg sjølv (og ein del andre terroristar, forbrytarar og ransmenn, så klart, så ikkje folk skal byrje lure på kvifor biletet av akkurat Kladden forsvinn akkurat no) og i tillegg har anlagt heilskjegg og brukar kontaktlinser for å endre augefargen?
Men dette er ikkje så ille det heller - så det går vel an.
Elles er eg vel einig i alt du skriver om Kladden - ikkje så rart, forresten, det har vore store svarte blekkflekkar i MSN-loggen min i mange veker takket vere deg, så vi er vel omtrent så på bølgelengde som vi kan bli i denne tråden. 
*) http://en.wikipedia.org/wiki/Superbarrio
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
05.06.2005, 02:10


Olaf Solstrand skreiv:
Tilbake til Kladden.
Så vakker ein setning :D
Loke Aesir skreiv:
Er einig i at kirurgi er ein uting, men det MÅ då vere ein måte me kan klare å få til dette utan at det blir FOR urealistisk - og eg meinar at å gå med maske hundre prosent av tida er urealistisk for ein presidentkandidat/president.
Tja, eg er ueinig. Sjå t.d. på meksikanske Superbarrio*) - OK, han er verken presidentkandidat eller president, og formelt sett er han ikkje politikar heller, men han spelar jo ei viktig politisk rolle. Kanskje får verda fleire som Superbarrio snart - og eg ser ikkje på det som 100% urealistisk at ein maskert mann ein dag kan bli president. Pluss at det etter mi meining hadde vore det definitivt stiligaste å sjå på.
100% urealistisk er det kanskje ikkje, men eg ville slitt med å kjøpe det i ei ellers såpass seriøs historiesamanheng som me har bygd opp her. Og er ueinig i at ein president med eit svart laken over hovudet ville vore stilig å sjå på - trur det hadde sett latterleg ut, så lenge han ikkje hadde halde seg i skuggane og nytta det til å sjå truande ut, og det er neppe ein bra PR-taktikk.
Loke Aesir skreiv:
Kva om han simpelthen har brutt seg inn i statens datanettverk,sletta biletet av seg sjølv (og ein del andre terroristar, forbrytarar og ransmenn, så klart, så ikkje folk skal byrje lure på kvifor biletet av akkurat Kladden forsvinn akkurat no) og i tillegg har anlagt heilskjegg og brukar kontaktlinser for å endre augefargen?
Men dette er ikkje så ille det heller - så det går vel an.
For all del - om du føler så sterkt for maska, så bruk maska, men eg ville altså foretrekt at han kun brukte den no og då, ein typisk overlegen privat Kladden-spøk på nasjonens bekostning, forkledd som retorisk verkemiddel.
Elles er eg vel einig i alt du skriver om Kladden - ikkje så rart, forresten, det har vore store svarte blekkflekkar i MSN-loggen min i mange veker takket vere deg, så vi er vel omtrent så på bølgelengde som vi kan bli i denne tråden. :-)
Store svarte blekkflekkar i ein MSN-logg? Lyder skummelt! ;-)
*) http://en.wikipedia.org/wiki/Superbarrio
Hihi, artig.
"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria
Loke Aesir
23 år, Vik
05.06.2005, 02:18


Et alternativ til maske kan være at Kladden har fått laget en latex-maske som han tar på seg når han viser seg offentlig. Dette er klart en tungvin måte å maskere seg på. Det kan også være en medvikende effekt på valget om han har fått laget et "sympatisk utseende" på masken. Dette er noe som f.eks kunne appelere til de noe eldre borgene i USA.
Når det gjelder Fiks ser jeg for meg at etter han pensjonerte seg ble han veldig deprimert, da særlig fordi det var jobben som var livet hans. For å kompansere for den indre tomheten han kjenner, hev han seg på flasken, og ble etterhvert et kjent bilde å se på de lokale kneipene.
Etterhvert skjedde det imidlertid noe som fikk han til å innse at det fremdeles var noe han kunne gjøre for byen, og startet så den hemmelige organisasjonen mot kriminalitet. Det at Fiks etterhvert ble sett med flaska i hånda gjorde det lettere å holde sin identitet som Mr F. skjult, ettersom han på dagtid fremdeles vanket på de samme stedene som før, men nå var gått over til ingefærøl, og andre "milde" produkter. Dermed kunne han også fange opp rykter om lugubre planer som gikk blandt skurkene lenger nede i forbryterskiktet, som da fremdeles drev med "skitt-arbeid" både for Petter og Kladden.
Fergus
25 år, Grimstad
05.06.2005, 02:41


Lurer på om vi ikkje er nøydt til å utvide synsfeltet vårt **litt.** Kva som skjer etter at Skrue forsvinner er interessant, men ettersom vi på mange måtar er einige om at Skrue forsvinner minst eit tiår etter det som vi har satt til "dagens kontinuitet", bør vi òg tenkja litt på kva som skjer i det tiåret.
Eg kunne tenkja meg å flytte Langbein/Max-epoken til mange år før Skrue dør. Det vil eg av to grunnar.
For det første vil det gjera ting litt enklare - det medfører at når historia starter, med at Skrue forsvinner, er alle dei historiene vi har sett i teikneseriar og på TV allereie avvikla. Goof Troop er vel dessutan eigentleg lagt til byen Spoonerville, og det problemet løysast her - ein periode tidleg på 60-talet flytta Langbein til byen sonen hans vaks opp i (for å ikkje rive han opp med rota før han var ferdig med skolen), og Svarte-Petter blei samtidig dratt dit av liknande årsakar (eg har ikkje sett pilotepisoden av Goof Troop, så alt eg seier bør sjølvsagt justerast til å passe inn i den). Nokre år seinare flyttar dei tilbake til Andeby.
For det andre vil dette vera ein god katalysator for kriminaliteten i byen. Donald må i marinen i DuckTales, slik forsvinner Fantonald frå byen. Langbein flytter til Spoonerville for å passe på Max, slik forsvinner Super-Langbein frå byen. Skrue held framleis B-gjengen i sjakk, og Mikke gjer sitt beste, men utan superheltane vil likevel kriminaliteten auke ein del. Dei er rettnok begge tilbake i Andeby før 1967, men fråveret deira vil ha satt sine spor ...
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
11.06.2005, 19:08


Gode forslag - så gode, faktisk, at eg ikkje kjem på noko vettug å tilføye. :P
"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria
Loke Aesir
23 år, Vik
11.06.2005, 22:16


Hm ... Med fare for å rappe alt for mykje frå Watchmen ...
Vi tenker jo på ei verd der superheltane held på å ta over justisvesenet fordi mafiaen har overanda politiet. Sannsynlegvis finst det på landsbasis langt fleire superheltar enn Fantonald og Super-Langbein, og sannsynlegvis er mange av desse superheltane i ein gråsone når det gjelder loven, dei er sjølvsentrerte vigilanter som set det å få skurken i fengsel framfor å følge loven heile tida sjølv. Dette må på eit tidspunkt skape sterk frykt i befolkninga, ei frykt for at lovsystemet dei lever i kan vera farlegare enn skurkane det skyddar dei mot (dei som tar på seg ei kappe kan jo fly rundt og drepe så mange dei vil så lenge dei hevder at det er i det godes teneste).
Kva om den saka som Kladden vinner presidentvalet på er å forby superheltverksemd?
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
03.10.2005, 16:38


Hm, vel, joda, men blir det ikkje litt rart å skulle introdusere ein haug nye superheltar til Duck/Museuniverset kun for det der? Føler det blir litt som om me tvinger ein ting over på ein annan. Men om du har forslag til eksisterande, obskure Duck/Mussuperheltar som kan komme på bana att, så er eg med på dette. :D
"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria
Loke Aesir
23 år, Vik
03.10.2005, 16:40


Det har du forsåvidt rett i ... Det tenkte eg ikkje på.
Men har nokre andre forslag til korleis Kladden skal klare å bli så vanvittig populær? Han trenger ei eller anna kampsak som gjer at han får eit veljarskred utan like.
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
03.10.2005, 16:44


Kanskje han driv propaganda mot ein eller annan semi-oppdikta fiende. Brutopia, kanskje, eller "utenlandsk storkapital" (det er alltid skummelt). Han kan spele på Skrues bortgang, vise til den "pysete" styringa av USAs største konsern, McDuck-konsernet, som blir bedreve i dag (dvs ting som ODDs store pengegåver til diverse veldedige formål som han kan male som ei naiv svakheit som "utenlandsk storkapital" vil dra nytte av ) og bruke dette som døme for retninga heile nasjonen er på veg i...
"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria
Loke Aesir
23 år, Vik
03.10.2005, 16:50


Olaf Solstrand skreiv:
overanda politiet
Finner ikke ordet "overanda" i noen ordliste - er dette en skrivefeil eller et ellers ukjent dialekt-/slangord?
Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html
Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER
Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/
Sigvald
41 år, Stavanger
03.10.2005, 19:22


Det er eit ordspel på "overmanna" - akkurat som ein ofte omtalar Skrue som "verdas rikaste and" i staden for "verdas rikaste mann".
"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria
Loke Aesir
23 år, Vik
03.10.2005, 20:03

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...
Side 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 14, 15, 16

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.

