Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar

Hugs meg :: Registrer ny brukar

Andeby etter Skrue

Andeby Online > Diskusjonsforum > Andeby etter Skrue

Gå tilbake til forumoversikta ...

Side 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 14, 15, 16

Olaf Solstrand skreiv:

Loke Aesir skreiv:

Ah, så han har ikkje valgt å bli lovlydig så mykje som han er blitt tvungen til det - kanskje det er kona som står bak hans politiske ambisjonar òg? Petter bygger seg eit forbryterimperium på eiga hans, men ville aldri ha brydd seg med eit lovlydig ytre om han ikkje blei tvungen til det? ;-)

Jo, det hadde han nok. Eg meiner å ha sett ganske mange Disney-historier der Svarte-Petter tilsynelatande har eit lovlydig ytre ...

Joda, det har me forsåvidt.

Dessutan ... Ein "lovlydig" familiemann med kone og born ... Minner ikkje den skildringa veldig om Tony Soprano? Og det er vel ei slik rolle som vi har sett for oss at Svarte-Petter er på veg mot? ;-)

Ja, han vil ikkje hatt noko i mot ei slik rolle, men han har jo i liten grad forsøkt seg på den før, vanlegvis er han særs åpen om sine manglende moralske skruplar... så eg tenkte at å få kone og born kanskje var ein utløysande faktor for dei sidene av han.

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

17.05.2005, 16:39

Første gang jeg så Duck Tales på flere ÅR var iGÅR!! Creapy..

Ja.. back on track: Ikke det at jeg er FOR dette, men hva ville skjedd hvis Donald (huttemegtu) Døde? Som sagt, ikke noe jeg er FOR, men så har vi noe og tenke på/snakke om... Kjør debatt!!.. jeg mener: Fortsett debatt..

Omanga Carl

Innlegget blei sist redigert 17.05.2005, 19:24 av Magnus Murphy

Magnus Murphy
17 år, Sandefjord

17.05.2005, 19:22

Eg er jo ein av dei med eit såpass likegyldig forhald til karakteren Donald at eg ikkje trur hans død ville hatt noko særleg å bety for nokon... men eg vil anta at nevøene må bu hjå Skrue (og dermed antakeleg vil bli forma adskillig meir etter hans preferansar enn dei ville blitt hjå Donald) i ein hakket mindre idyllisk variant av Ducktales, eller hjå Bestemor. (Om Bestemor har øknomi til å ha tre fastbuande born/tenåringar er likevel noko eg stiller meg skeptisk til, så eg ser Skrue som det åpenbare valget.) Eventuelt ville dei vendt tilbake til sine ekte foreldre, skjønt kvifor dei plutseleg no etter alle desse åra ville tatt tilbake foreldreansvar ville vel vorte ein smule vanskeleg å forklare.
Dersom Donald dør etter at trillingene er atten (eller kva ein no enn må vere for å få lov til å forsørge seg sjølv i USA) så er ikkje ein gong plasseringa av dei eit problem.
Affekten det hadde hatt på Dolly ville vel vore store sjelekvaler og ho ville vel brukt fleire år på å angre på at ho har behandla han dårleg og alle sjansane dei ikkje tok, etc, etc. Dei fleste andre familiemedlemma ville vel sørga og gått vidare med livet, eg ser ikkje heilt at Donalds død skal ha så enorme ringverknadar på nokon av dei utover sorg-elementet.

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

17.05.2005, 19:39

Loke Aesir skreiv:

Eg er jo ein av dei med eit såpass likegyldig forhald til karakteren Donald at eg ikkje trur hans død ville hatt noko særleg å bety for nokon...

Har du ikke lest Don Rosas "The Duck who never was" da? ;-)

Legg meg på bordet og kall meg Donald Duk!

http://www.dingus.be - bloggen til Det Gode Selskap.

Guffen Delbekk
23 år, Halden

17.05.2005, 21:40

Guffen Delbekk skreiv:

Har du ikke lest Don Rosas "The Duck who never was" da? ;-)

Det er forskjell på "kva om Donald plutseleg hadde døydd" og "kva om Donald aldri hadde blitt født" ...

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

17.05.2005, 21:43

Guffen Delbekk skreiv:

Loke Aesir skreiv:

Eg er jo ein av dei med eit såpass likegyldig forhald til karakteren Donald at eg ikkje trur hans død ville hatt noko særleg å bety for nokon...

Har du ikke lest Don Rosas "The Duck who never was" da? ;)

Jo, men det er, som Olaf påpeika, ikkje særleg relevant. (Uansett så er eg ueinig med Don på det punktet, Donald ER ikkje så viktig som han skal ha det til... ;-) Eit av dei få punkta der eg ikkje er 100% frelst for hans tolkning av karakterane)

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

17.05.2005, 23:56

Olaf Solstrand skreiv:

Det er forskjell på "kva om Donald plutseleg hadde døydd" og "kva om Donald aldri hadde blitt født" ...

Jeg ser at jeg tok feil og vil benytte anledningen til å beklage min feilposting til alle mine venner her på forumet. :-)
Loke Aesir skreiv:

Uansett så er eg ueinig med Don på det punktet, Donald ER ikkje så viktig som han skal ha det til... ;-))

Enig med deg her Loke. Syns Don Rosa har "overdrevet" Donald rolle i Andeby ganske mye.

Legg meg på bordet og kall meg Donald Duk!

http://www.dingus.be - bloggen til Det Gode Selskap.

Guffen Delbekk
23 år, Halden

18.05.2005, 02:32

Guffen Delbekk skreiv:

Olaf Solstrand skreiv:

Det er forskjell på "kva om Donald plutseleg hadde døydd" og "kva om Donald aldri hadde blitt født" ...

Jeg ser at jeg tok feil og vil benytte anledningen til å beklage min feilposting til alle mine venner her på forumet. :)

Ta det då heilt med ro, den nyanseforskjellen er viktig nok til å påpeikast, særleg ettersom den var grunnlaget mitt for ikkje å nemne den historia i utgangspunktet, men det gjer då ikkje posten din "feil", scenarioene er like nok til at du kan trekke det inn til samanlikning. :-)

Loke Aesir skreiv:

Uansett så er eg ueinig med Don på det punktet, Donald ER ikkje så viktig som han skal ha det til... ;-))

Enig med deg her Loke. Syns Don Rosa har "overdrevet" Donald rolle i Andeby ganske mye.

Det måtte han vel, for å få ei god historie, men sjølv om eg likar historia (den er særs god) så er eg altså på linje med deg og tykkjer at dette er vel fri tolkning av Duck-karakterene og deira forhald til kvarandre generelt og til Donald i sær. Men, som så ofte blir påpeika heromkring, ein kvar Donaldforfattar har sin eigen tolkning. :-)

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

18.05.2005, 02:44

Klara Karamell skreiv:

Olaf Solstrand skreiv:

Men eg sliter kraftig med å forstå innstillinga "Mikke EKSISTERER ikkje i Donald-historier - i heile universet Donald bur i, er Mikke ein ikkje-eksisterande figur". Det er ei arrogant og frekk innstilling som svartmaler svært mange fantastisk gode teikneseriar og teiknefilmar.

Vel talt, og noe jeg har tenkt mange ganger i dette forumet. Beklager at jeg kommer inn så sent, men jeg skulle ønske enda flere kunne tenke som Olaf. Verken Don Rosa eller noen annen Disney-skaper (inkl. Barks) er "Gud" (noe de heller ikke selv pretenderer å være). For meg forekommer det utrolig umodent å gjøre en bestemt serieskaper til en ubestridt autoritet.

Jo da, det kan være en morsom selskapslek å gjøre Rosa eller andre til "Andebys historieskrivere". Men å faktisk blindt forholde seg til deres små innfall vitner om en manglende evne til selvstendig tenking som bare er patetisk og trist. 70-tallet hadde sine fanatiske marxister. 2000-tallet har sine tilsvarende barksister (og ikke minst rosister). Barks og Rosa ville ledd oppgitt av dem begge.

Eg føler for å påpeike at utbrotet mitt, som du svarar på her, på ingen måte var retta mot Don Rosa. Don har i det minste verdigheit til å alltid påpeike at "dette er berre mi eiga meining og slik **eg** ser det". Og så lenge han har den innstillinga, er det heilt greitt for meg at Don misliker Mikke (noko han forresten sjølv forklarer at er fordi han aldri har tatt seg tid til å lese så mange Mikke-seriar, og at for alt det han veit kan Mikke-seriane vera aldeles glimrande i dag, han har berre ikkje tid til å lesa dei).

Det eg er kritisk til, er folk som skriver innlegg av typen "feil, Mikke eksisterer ikkje", eller "feil, Mikke eksisterer ikkje, for det har Don Rosa sagt", eller "feil, Mikke bur ikkje i same univers som Donald". For all del, eg liker å diskutere parallelle univers (sjølv om det kanskje er meir DC/Marvel enn Disney over det), men det er veldig, veldig tydeleg at Donald og Mikke held til på same planet - det ser vi av alle dei eventyra dei har hatt saman.

Både Barks og Rosa har tatt på seg jobben med å skrive teikneseriar for eit storkonsern. Då er dei sjølvsagt pålagte å skrive om det "universet" som allereie eksisterer - og veldig gjerne utvide dette, men det blir heilt feil å **krympe** det. Og for all del, det er heilt greitt å aldri skrive ei Mikke-historie, men å hevde at Mikke ikkje eksisterer i Disney-universet, er å gå over streken etter mi meining.

(håper det var meir oppklarande enn forvirrande)

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

18.05.2005, 03:49

Loke Aesir skreiv:

Det måtte han vel, for å få ei god historie, men sjølv om eg likar historia (den er særs god) så er eg altså på linje med deg og tykkjer at dette er vel fri tolkning av Duck-karakterene og deira forhald til kvarandre generelt og til Donald i sær.

Historia er ikke akkurat min favoritt med Don Rosa, men da ODD utbryter noe ala "Vi er tre gutter som hadde hatt en kjedelig barndom hvis Donald Duck ikke hadde vært til!" blir jeg våt i øyekroken ja...
Olaf Solstrand skreiv:

Eg føler for å påpeike at utbrotet mitt, som du svarar på her, på ingen måte var retta mot Don Rosa.

Kan bare snakke for meg selv, men jeg klarer ikke på noen måte å tolke det du sa som et negative utbrudd mot Don Rosa.
Olaf Solstrand skreiv:

Det eg er kritisk til, er folk som skriver innlegg av typen "feil, Mikke eksisterer ikkje", eller "feil, Mikke eksisterer ikkje, for det har Don Rosa sagt", eller "feil, Mikke bur ikkje i same univers som Donald".

Det var en god idé å bruke ordet "folk", da det kan tolkes både i entall og flertall. Jeg skal ikke si hvordan jeg tolket det. ;-)
Olaf Solstrand skreiv:

Både Barks og Rosa har tatt på seg jobben med å skrive teikneseriar for eit storkonsern. Då er dei sjølvsagt pålagte å skrive om det "universet" som allereie eksisterer - og veldig gjerne utvide dette, men det blir heilt feil å **krympe** det.

Kan ikke si meg mer enig Olaf!

Legg meg på bordet og kall meg Donald Duk!

http://www.dingus.be - bloggen til Det Gode Selskap.

Guffen Delbekk
23 år, Halden

18.05.2005, 11:03

En folk?

Omanga Carl

Magnus Murphy
17 år, Sandefjord

18.05.2005, 15:16

Hehehe. Nei, det går nok ikkje, det... Er som engelsk "people", eksisterar ikkje i eintal.

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

18.05.2005, 16:07

Loke Aesir skreiv:

Ja, han vil ikkje hatt noko i mot ei slik rolle, men han har jo i liten grad forsøkt seg på den før, vanlegvis er han særs åpen om sine manglende moralske skruplar... så eg tenkte at å få kone og born kanskje var ein utløysande faktor for dei sidene av han.

Ser nok for meg at den nye kona held han kraftig i ørene på ein langt meir hissig måte enn Petra gjorde. Og dersom ho er lovlydig, og det er ho nok, antar eg at Petter kanskje skjuler heile det kriminelle livet sitt nettopp for at ho ikkje skal finne ut av det?

Eit anna forslag ... Kva om det er Spøkelseskladden som står bak? Det er jo delvis med hans hjelp at Svarte-Petter har fått kontroll over byen, så er det ikkje då òg sannsynleg at det er Kladden som har overtalt Petter til å bli skikkeleg mafiaboss? Antar at Andeby er ein by som Kladden gjerne vil ha litt ekstra kontroll over, og då kan han vel ha "trent opp" Svarte-Petter i bytte mot framtidige gjenytingar? (ser det for meg ... "Bruk skolten din, Svarte-Petter. Er det pengar og makt du vil ha, ligger løysinga i organisert kriminalitet ... og om du endrer litt på stilen din, er du den einaste rette til å leie heile sulamitten!")

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Innlegget blei sist redigert 21.05.2005, 01:28 av Olaf Moriarty Solstrand

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

21.05.2005, 01:27

Olaf Solstrand skreiv:

Ser nok for meg at den nye kona held han kraftig i ørene på ein langt meir hissig måte enn Petra gjorde. Og dersom ho er lovlydig, og det er ho nok, antar eg at Petter kanskje skjuler heile det kriminelle livet sitt nettopp for at ho ikkje skal finne ut av det?

Der har du nok eit poeng. :-)

Eit anna forslag ... Kva om det er Spøkelseskladden som står bak?

Du solgte meg med den der alt, men kan jo forsåvidt lese resten for det. (Eit tips til alle som vil manipulere meg til noko kreativt i disneysamanheng, forresten, berre sei "Spøkelseskladden står bak", så kjem eg springande.

Det fungerar forsåvidt òg med Gråstein...)

Det er jo delvis med hans hjelp at Svarte-Petter har fått kontroll over byen, så er det ikkje då òg sannsynleg at det er Kladden som har overtalt Petter til å bli skikkeleg mafiaboss? Antar at Andeby er ein by som Kladden gjerne vil ha litt ekstra kontroll over, og då kan han vel ha "trent opp" Svarte-Petter i bytte mot framtidige gjenytingar? (ser det for meg ... "Bruk skolten din, Svarte-Petter. Er det pengar og makt du vil ha, ligger løysinga i organisert kriminalitet ... og om du endrer litt på stilen din, er du den einaste rette til å leie heile sulamitten!")

hehe, ja, og så blir Mikro-Midas eller ein liknande storskurk som har ein LANGT meir mafiaboss-liknande karriere bak seg enn Svarte-Petter har rasende, og føler seg forbigått, og så blir det bandekrig. Kriminalitetsbølgja sprer seg, Kladden nyttar dette til å vinne sin andre valgsperiode bak slagord ala "Krim skal ikkje lønne seg" og heftige lovnadar om auka politistyrke og liknande, og tek sitt fyrste steg mot ein politistat. (Hey, eg har nettopp sett Star Wars Episode III, ber over med meg) Kladden ordnar opp (dvs knerter Mikro-Midas eller-kven-det-no-ville-vore), Svarte-Petter får full kontroll over kriminaliteten på heile vestkysten, og begge blir meir populære blant velgarane enn nokon gong før. :D

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

21.05.2005, 01:36

Kan vi seie at det blir full bandekrig mellom Svarte-Petter og Farlege Fiffus? Som etter at Kladden har vunne andre valkamp utviklar seg til at dei to møtast i ein duell, der Fiffus blir drept og Mikro-Midas motvillig overgir seg og blir Svarte-Petters nestkommanderande?

Eg veit at det frister veldig å sjå ein bandekrig mellom Svarte-Petter og Mikro-Midas, men eg har mykje meir lyst til å sjå kva dei kan utrette når dei er på same lag.

Hm, ein annan ting denne bandekrigen ville føre til, er jo at Petter Smart endelig blei rik. Kva meiner eg med det - Petter Smart bryr seg jo ikkje om pengar? Sant. Men eg ser for meg at stadig fleire i frykt kjem til å løpe til han for å få tjuverisikring og slikt, og på eit tidspunkt kjem Petter til å sukke at han rett og slett ikkje har tid til å hjelpe dei som ber om det. På det tidspunktet trur eg at folk kjem til å byrja å overby kvarandre, og at Petter overraska over at folk faktisk synest at arbeidet hans er mange tusen kroner, griper den sjansen og blir ein av byens best betalte lovlydige personar. Og ettersom Petter eigentleg ikkje er så interessert i pengar, går dei nok fort ut igjen òg, noko som vil medføre at Fantonald får ein kraftig oppgradert teknostall, slik at han berre blir sterkare (noko som òg absolutt er nødvendig).

Petter vil òg gi mykje pengar til veldedige formål (kanskje han til og med i all sin enkle naivitet gir bidrag til ordføraren). Gi pengar til veldedigheit vil nok òg Ole, Dole og Doffen gjera, så ... Andebys idrettslag kjem til å blomstre, teknologiske nyvinningar vil det bli stadig fleire av (ser for meg at Ferdinand, Benny frå IT-gjengen og eit par andre folk kjem til å konkurrere hardt om Professor Petter Smarts æresstipend) og Pengelens kjem gradvis til å forsvinne fordi folk der med den hjelpa dei får klarar å utdanne seg og flytte til betre strøk. Slik blir Andeby ein by der velferdsgoder, teknologi og sånne ting ligger på topp - medan kriminaliteten er landets verste.

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

21.05.2005, 01:53

Ja, det lyder bra. Åpnar for finfin maktkamp mellom Mikro-Midas og Skaftetryne innad i organisasjonen som Petters høgre hand, i tillegg. Minken vil eg forresten gjerne sjå som varaordførar, medan Skaftetryne er undergrunnsnestkommanderande - til Mikro-Midas kjem snikande.

Eg veit at det frister veldig å sjå ein bandekrig mellom Svarte-Petter og Mikro-Midas, men eg har mykje meir lyst til å sjå kva dei kan utrette når dei er på same lag.

Jepp. Kvar vil andre store Andebyskurkar stille seg her? Ørnulf Ørn? B-gjengen? Storeulv? (eg SKAL ha han med som elitemordar. Skalskalskal. *ler* Og Mikkel som profesjonell svindlar som har "jobba" seg opp frå fattige utkantskår. Som får meg til å tenkje, kva gjer me med Langøyre? Ser han for meg som ein slags nemesis for Mikkel, men han er for rakkeraktig sjølv til å bli statsansatt eller liknande.) Doblex, Triplex og gjengen? Pønski? Nerden? Advokat Lur?

Hm, ein annan ting denne bandekrigen ville føre til, er jo at Petter Smart endelig blei rik. Kva meiner eg med det - Petter Smart bryr seg jo ikkje om pengar? Sant. Men eg ser for meg at stadig fleire i frykt kjem til å løpe til han for å få tjuverisikring og slikt, og på eit tidspunkt kjem Petter til å sukke at han rett og slett ikkje har tid til å hjelpe dei som ber om det. På det tidspunktet trur eg at folk kjem til å byrja å overby kvarandre, og at Petter overraska over at folk faktisk synest at arbeidet hans er mange tusen kroner, griper den sjansen og blir ein av byens best betalte lovlydige personar. Og ettersom Petter eigentleg ikkje er så interessert i pengar, går dei nok fort ut igjen òg, noko som vil medføre at Fantonald får ein kraftig oppgradert teknostall, slik at han berre blir sterkare (noko som òg absolutt er nødvendig).

Petter vil òg gi mykje pengar til veldedige formål (kanskje han til og med i all sin enkle naivitet gir bidrag til ordføraren). Gi pengar til veldedigheit vil nok òg Ole, Dole og Doffen gjera, så ... Andebys idrettslag kjem til å blomstre, teknologiske nyvinningar vil det bli stadig fleire av (ser for meg at Ferdinand, Benny frå IT-gjengen og eit par andre folk kjem til å konkurrere hardt om Professor Petter Smarts æresstipend) og Pengelens kjem gradvis til å forsvinne fordi folk der med den hjelpa dei får klarar å utdanne seg og flytte til betre strøk. Slik blir Andeby ein by der velferdsgoder, teknologi og sånne ting ligger på topp - medan kriminaliteten er landets verste.

Lyder særs bra, veldig einig i alt du foresler her. Korleis vil Ørnulf reagere på Petters gedigne suksess? Kva gjer Rikerudkonserner med dei enorme kriminalitetsbølgjende over interesseområdet deira? McDuckkonserner vil vel under ODDs leiing sette si lit til staten og innleigde vaktselskap, men Rikerud kan finne på litt meir sprell enn som så... (Her er du flink og skriv om heilheita og så skal eg komme og dra inn kriminaliteten att ;-) )

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Innlegget blei sist redigert 21.05.2005, 02:05 av Loke Aesir

Loke Aesir
23 år, Vik

21.05.2005, 02:03

Dette forslaget kjem du til å like, Loke. :-)

Kva gjer Rikerudkonserner med dei enorme kriminalitetsbølgjende over interesseområdet deira? McDuckkonserner vil vel under ODDs leiing sette si lit til staten og innleigde vaktselskap, men Rikerud kan finne på litt meir sprell enn som så... (Her er du flink og skriv om heilheita og så skal eg komme og dra inn kriminaliteten att ;-) )

4. mai skreiv eg

Han vil merke mindre motstand og mindre konkurranse om kontraktar og sånt, og difor bli mykje rikare. Ein dag foreslår kanskje O/D/D å fusjonere, og ettersom Rikerud nok på det tidspunktet byrjar å trekke på åra, ser eg ikkje bort frå at han selger RikeCorp. til McDuck Industries og pensjonerer seg som ein av USAs absolutt rikaste menn.

**Eg** **vil** **gjerne** **ombestemme** **meg.**

Rikerud merker mindre motstandar og mindre konkurranse om kontraktane og sånt, og det gjer at Rikerudkonsernet blomstrer opp noko vanvittig. Han vil sjølvsagt framleis vera langt mindre enn McDuck-konsernet, men ... likevel stor.

Rikerud er framleis ung og effektiv når Svarte-Petter overtar den kriminelle makta i byen (merk at eg ser på Rikerud som langt yngre enn det Don Rosa gjer - eg trur at i notidshistorier er Rikerud i førtiåra eller deromkring). Ein dag dukker det opp nokre muskelbuntar på kontoret hans som nemner at det kan vera lurt av han å betale beskyttingspengar dersom han vil at firmaet hans ikkje skal oppleve ran på ran på ran. Rikerud nekter å la seg utpresse, og går til Petter Smart for å bestille ein idiotsikker tjuveristoppar til forretningane sine. Eit par dagar på rad får Rikerud tilbakemelding frå ei av forretningane sine om at det har vore ransforsøk der den natta, men at tjuveristopparen gjorde at dei ikkje fekk med seg noko som helst. Rikerud godter seg over dette.

Men så ein dag, då Rikerud er på veg heim frå ein konferanse, tar bilen ein sving han ikkje hadde forventa. Han legger merke til at sjåføren (som elles verker merkeleg kjent, med skjeggstubber i ansiktet og ei svart karnevalsmaske over auga) ikkje er den vanlege sjåføren hans. Rikerud spør kva i alle dagar det er som foregår, men for seint. Bilen har stoppa i ei mørk bakgate, dørene har gått opp, og Rikerud blir dratt ut av bilen og banka opp, til kommentarar som "dette er det du skjer når du prøver å stå imot oss". Etter det forsvinner skurkane, og Rikerud blir liggjande att medvitslaus. Luski set i gong manngard den kvelden for å finne han, og dei får han til lege straks han blir funne, men Rikerud er hardt skada og ender opp delvis lam.

Medtatt skjøner han at han ikkje klarar å drive eit firma i sin tilstand. Ole, Dole og Doffen tilbyr seg å kjøpe opp selskapet, og han lurer veldig på om han skal bite i det sure eplet og bukke under for sin argaste konkurrent nokonsinne på den måten. Men samtidig dukker det opp eit anna interessant tilbod. Eit tilbod frå Sør-Afrika ...

Så ... i staden for å bukke under for sin argaste konkurrent, får Rikerud no sjansen til å hjelpe til med å knuse McDuck-konsernet. Nokre månader seinare går alle RikeCorp.s bedrifter inn i Gråstein Industrier. Rikerud har heller ikkje pensjonert seg for fullt - han klarar ikkje å leie bedrifta på eiga hand, men han styrer Andeby-avdelinga, med dagleg kontakt med Gulbrand Gråstein sjølv på telelink dagleg. Og utan at nokon heilt forstår kva det er dei gjer, klarer Rikerud å gjera Gråstein Industrier, tidlegare RikeCorp., til den einaste bedrifta i byen som dei kriminelle står heilt makteslause mot.

Oprah, Letterman, Leno og Yngvar Tusvåg prøver alle å få ut av Rikerud kor mykje Gråstein eigentleg betalte for RikeCorp. Men han nekter å seie noko som helst om saka. Samtidig lekker det ut til sør-afrikanske aviser at landets (og verdas, sannsynlegvis?) rikaste mann har gjort ei endring i testamentet sitt ...

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

21.05.2005, 02:39

Olaf Solstrand skreiv:

Dette forslaget kjem du til å like, Loke. :-)

Dette forslaget ELSKA eg. Og det er til forveksling likt eit par fan-fics eg skreiv med hensyn til Rikeruds rolle i Fantonald-universet, der eg forklarte Everett Ducklairs finansielle inntog i Andeby, så at eg likar ein del av tankane her er åpenbart :D

(...)
Så ... i staden for å bukke under for sin argaste konkurrent, får Rikerud no sjansen til å hjelpe til med å knuse McDuck-konsernet. Nokre månader seinare går alle RikeCorp.s bedrifter inn i Gråstein Industrier. Rikerud har heller ikkje pensjonert seg for fullt - han klarar ikkje å leie bedrifta på eiga hand, men han styrer Andeby-avdelinga, med dagleg kontakt med Gulbrand Gråstein sjølv på telelink dagleg. Og utan at nokon heilt forstår kva det er dei gjer, klarer Rikerud å gjera Gråstein Industrier, tidlegare RikeCorp., til den einaste bedrifta i byen som dei kriminelle står heilt makteslause mot.

Nydeleg - betyr dette at du går bort frå at Gråstein skal dø samtidig som Skrue?

Oprah, Letterman, Leno og Yngvar Tusvåg prøver alle å få ut av Rikerud kor mykje Gråstein eigentleg betalte for RikeCorp. Men han nekter å seie noko som helst om saka. Samtidig lekker det ut til sør-afrikanske aviser at landets (og verdas, sannsynlegvis?) rikaste mann har gjort ei endring i testamentet sitt ...

Luske arvar alt? *knis*

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

21.05.2005, 02:44

Loke Aesir skreiv:

Nydeleg - betyr dette at du går bort frå at Gråstein skal dø samtidig som Skrue?

Ja, for vi har jo blitt einige om at Skrue ikkje dør. Han "forsvinner sporlaust". Men etter mange år med forgjeves leiting, set dei likevel opp ein gravstein for han, der det står at han døydde i 1967 ... (HAH, der fekk eg jaggu fletta inn Don Rosa-teikninga òg!)

Luske arvar alt? *knis*

I første omgong Rikerud. Merk at eg ser for meg ein Rikerud som er tretti-førti år yngre enn Gråstein.

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

21.05.2005, 02:47

Olaf Solstrand skreiv:

Merk at eg ser for meg ein Rikerud som er tretti-førti år yngre enn Gråstein.

Da bør du nok regne litt på dette igjen. Gråstein synes å være på Skrues alder (f. ca 1865). Rikerud opptrer som guttunge i Anaconda i 1884 og er således født ca. 1880.

Konklusjon: Gråstein er toppen 15 år eldre enn Rikerud.

Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html

Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER

Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/

Sigvald
41 år, Stavanger

21.05.2005, 02:53

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Side 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12, 13, 14, 15, 16

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.