Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Utvikling av Donald Duck & Co

Andeby Online > Diskusjonsforum > Utvikling av Donald Duck & Co

Gå tilbake til forumoversikta ...

Side 1, 2, 3, 4

For meg er det viktig at Donald Duck & Co er eit teikneserieblad, og ikkje eit aktualitetsmagasin for yngre ungdommar. Eg synest at Miks & tips passer bra inn i eit teikneserieblad, medan Kvakktuelt var eit steg i feil retning.
Og, eg meiner framleis at Miks & tips er Donald-stoff. "Lær å telle med Donald" er ei Donald-bok, samstundes som det er ein måte å læra born å tella på, illustrert med Donald.

«Å, Donald! Nå kan ingenting få meg i dårlig humør.»
Dolly Duck.

Sølve
19 år, Ullensvang

07.11.2005, 18:06

Dette er det veldig tydeleg at vi ikkje kjem til å bli einige om. Personleg synest eg at å lære born rampestreker, bisarre fakta og blaute vitsar har nøyaktig like lite med teikneseriar å gjera som informasjon om hendingar som er aktuelle for bladets målgruppe.

Ikkje er det noko nytt heller - at det ser ut til å ville dukke opp på relativt fast basis er nytt, men vi har jo hatt artiklar om aktuelle ungdomshendingar i Donald i ti-femten år allereie. Kvar gong det har kome ein ny Disney-film, eller til og med Pixar-film, iallfall heilt sidan Toy Story (kanskje lenger?) har Donald innehaldt ei eller to sider om denne filmen. Personleg synest eg at desse artiklane er interessante - ofte gjer dei at eg fatter sterkare interesse for ein film, faktisk. Ja, eg veit at det ikkje er slikt Donald handler om, men det er ikkje så mange sidene det er snakk om heller. Ikkje la oss gløyme at på den tida då dei starta med slike ting, auka sideantalet i bladet i løpet av ein femårsperiode frå 40 sider til 64 sider.

Og eit par av tekstane på Kvakktuelt i veke 44 er tekstar som eg ærlig talt synest at kunne ha passa godt inn på Miks og Tips òg. Miks og Tips inneheld informasjon om gulltoaletter, aluminiumstruser, rare dyreskikkar verda over ... ein tekst om at Harry Potter-filmane så langt har innehaldt ein mengde tabbar synest eg strengt talt at passer fint inn i den rekka, den einaste forskjellen er at det står "Kvakktuelt" øvst på sida i staden for "Miks og Tips" og at teksten er illustrert med eit stillbilete frå ein Harry Potter-film i staden for ei teikning av eit filmlerret der ein svær mikrofon henger ned framfor skodespelaren eller ei teikning av ein filmregissør som har vikla seg inn i ein filmrull eller noko slikt. Eg ser ikkje tapet.

Men ettersom dette er eit spørsmål om smak, kjem vi ikkje til å bli einige om dette uansett.

http://www.nettserier.no/pacham/

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

07.11.2005, 18:24

Jeg gir egentlig blanke blaffen så lenge de tok Kvakktuelt inn i steden for Miks & Tips. Husker for eksempel at jeg synes dette stoffet var gøyt fot seks år siden...

Og, eg meiner framleis at Miks & tips er Donald-stoff. "Lær å telle med Donald" er ei Donald-bok, samstundes som det er ein måte å læra born å tella på, illustrert med Donald.

Ja, god idè! Kom så lærer vi alle i alderen rundt fem, til ni-åringer i Norge å sette en bøtte full av vann over en dør som står litt åpnet, sånn at nestemann som går igjenom døren på seg en fuktig overaskelse! Eller kansje ikke?:-)

I'm not worthless... I can be used as a bad example:P

General med blant annet hederstitlene T.R.O.P.P.S.S.J.E.F. og T.H.O.M.A.S.
Talentfulle, Hederlige, Orienterte, Mesterlige og Allvitende Speidergeneral

Talentfulle, Raske, Ordentlige, Pålitelige, Praktiske Snartenkte Sjef for Juniorhakkespettenes Eventyrlystne Flokk.

Ted
16 år, Bergen

09.11.2005, 18:05

Eg skjønte ikkje heilt kva du meinte no, Ted. Kva har ei bytte med vatn med boka "Lær å telle med Donald" å gjera?

«Å, Donald! Nå kan ingenting få meg i dårlig humør.»
Dolly Duck.

Sølve
19 år, Ullensvang

09.11.2005, 18:50

Men når me snakkar om utvikling og greier av Donald Duck & Co, er vel alle einige om at det viktigaste er historiene. Eg las for ei stund sidan (på tegneserier.no, trur eg) at ei av Løkling sine viktigaste oppgåver var å arbeida for å heva nivået på historiene. Han skulle bl.a. få forfattarane til å skriva historier som dei sjølv ville lesa, eller noko i den duren.

Er det nokon her (Olaf, Nils Petter m.fl.) som veit meir konkret kva oppgåvene hans går ut på?

EDIT: Fann artikkelen. Det som står er:

- Min rolle er mer å være landsbyidioten. Jeg skal sitte og si rare ting, og av og til dukker det opp noe morsomt, fastslår Løkling spøkefullt. Han glatter ut smilet og legger til:
- Den definerte hovedoppgaven min er å røkte seriene. Det er en nyopprettet stilling fra i fjor, og betyr at jeg skal jobbe for best mulig kvalitet på seriene i samarbeid med våre iherdige leverandører i Danmark.
Fortellerglede

Løkling svarer kontant når vi spør hvorfor dagens unge leser Donald.
- Forhåpentligvis av samme grunn som da jeg leste bladet: fordi det er morsomt og gøy. Jeg har ambisjoner om å oppdage nye dyktige folk som kan lage seriene. Don Rosa ga Donald-seriene en enorm vitamininnsprøytning. Det er utrolig viktig at kreatørene gjør som han; lager historier de sjøl synes er morsomme, lar fortellergleden skinne gjennom og lar tanken på lysregningen i liten grad diktere hvor mange sider det blir.

Lenkje: http://www.tegneserier.no/default.asp?artikkelid=25
(Er det forresten nokon som veit kvifor ikkje tegneserier.no ikkje fungerar i Opera? Er det innstillingane mine, eller sjølve sida det er noko gale med?)

«Å, Donald! Nå kan ingenting få meg i dårlig humør.»
Dolly Duck.

Innlegget blei sist redigert 09.11.2005, 21:14 av Sølve

Sølve
19 år, Ullensvang

09.11.2005, 21:09

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Side 1, 2, 3, 4

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.