Reglar for bruk av Bruktbørsen
Andeby Online > Bruktbørsen > Reglar
Om deg
- For å leggja ut annonser på Bruktbørsen, må du vera ein privatperson. Med andre ord: Det er ikkje tillatt å leggja ut annonser på Bruktbørsen på vegne av ein butikk eller eit forlag.
- Du må vera registrert brukar på Andeby Online for å leggja ut annonser på Bruktbørsen, og du må ha ei fungerande e-postadresse registrert i profilen din. Registrering er både enkelt og gratis.
Kva kan du selja?
- Dette er ei Donald-nettside. Vi ber difor om at du ikkje legg ut annonser for andre produkter enn Disney-teikneseriar, Disney-film, Disneyana, og liknande produkter.
- Dersom du skal selja ei større teikneseriesamling som i stor grad består av Disney-teikneseriar, er det akseptabelt at du òg sel andre teikneseriar som ein del av samlinga. Med unntak av dette ser vi helst at du ikkje legg ut annonser for andre teikneseriar her.
- Det er ein grunn til at det heiter «Bruktbørsen». Varen du ønskjer å selge, må vera brukt i den forstand at du ikkje kjøpte den utelukkande for å kunne selja den vidare. Formålet med Bruktbørsen er å hjelpe folk som ikkje lenger har bruk for seriane sine med å vidareformidle dei til folk som er interesserte i desse -- ikkje å hjelpe spekulantar med å selge uopna bøker til skyhøge prisar. Derimot er det sjølvsagt lov å leggja ut forespørslar etter slike bøker under «Ønskes kjøpt», og sjølvsagt kan du svare på annonser uavhengig av om ditt salgseksemplar er lest eller ikkje.
- Av same grunn: Ikkje legg ut annonser her for ting du sjølv har produsert. Om du har laga eit indeks eller fanzine som du ønskjer å få solgt til folk, er ikkje Bruktbørsen rett veg å gå.
Innhald i annonsen
- Tittelen du gir annonsen, må vera deskriptiv og relatert til det du ønskjer å selge -- er du interessert i å selge Donald Duck & Co. 31/1980, bruk tittelen «Donald Duck & Co. 31/1980» eller ein liknande tittel.
- Det er ikkje tillatt å bruke berre store bokstavar, mengder av utropsteikn osb. i annonsetittelen for å trekke til seg folks merksemd. Bruk normal kapitalisering og teiknsetjing -- er tittelen deskriptiv, trekker det fleire interesserte seljarar/kjøparar enn ein tittel med berre store bokstavar og femten utropsteikn.
- Skildre produktet så godt som mogleg. Dersom du skal selja noko: Ta med så mange opplysningar som mogleg -- utgåve, opplag, gradering, eventuelle signaturar og minimumspris (om du ikkje godtar opne bud, såklart). Dersom du ønskjer å kjøpe noko: Jo betre du presiserer kva du eigentleg er ute etter, jo større er sjansen for at nokon har det. Er god tilstand viktig for deg, MÅ du ha eit førsteopplag, kva pris har du maksimalt råd til å betale, er du eigentleg ute etter eit blad eller er det berre ei av historiene du er ute etter, og speler det i så fall ei rolle kva språk du får historia på dersom nokon har ho på svensk?
- Ved salgsannonser kan du leggja ut eit bilete av det du ønskjer å selge (funksjonen er ikkje tilgjengeleg under «Ønskes kjøpt»). Merk at bør må du leggja ut eit bilete av det faktiske eksemplaret som er til salgs, slik at det ut frå biletet er mogleg å bedømme objektets tilstand og liknande. Dersom du ikkje har eit slikt bilete tilgjengeleg og du likevel føler for å leggja ut eit bilete av same utgiving slik at folk skjøner kva utgiving det er snakk om, må du presisere dette i annonseteksten, og du må ha fotografens tillatelse til å bruke biletet. Er du i tvil, la vera å leggja ut eit bilete.
- Annonsen blir ståande på Bruktbørsen heilt til du aktivt går inn og sletter den, med mindre den grunna regelbrot blir fjerna av Andeby Onlines moderatorar. Du står fritt til å redigere annonsen om du ønskjer å endre på den seinare, og du kan slette annonsen når du vil. Vi anbefaler at du uansett sletter annonsen i det augeblikket du har funne ein kjøpar for det du ønskjer å selja eller du har fått tak i det du ønskjer å kjøpe.
Bruk av tenesta
- Bruk av tenesta er gratis.
- Når nokon tar kontakt med deg via annonsen din, vil dei bli sett direkte i kontakt med deg via e-post. Andeby Online fungerer ikkje som eit mellomledd i salsprosessen, e-post sendt gjennom Bruktbørsen blir ikkje lagra av oss, og vi tar ingen form for provisjon for salget.
- Vi bruker orda «kjøp» og «sal» i si vidaste meining: Dersom du heller ønskjer å bytte seriar, er det sjølvsagt lov!
- Ved brot på regelverket kan annonsen din bli sletta. Mindre regelbrot, t.d. bruk av berre store bokstavar i tittel, kan bli redigerte av Andeby Onlines moderatorar. Ved gjentatte og alvorlege brot kan det føre til at brukaren din blir sletta.
Gå tilbake til Bruktbørsen

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.
