Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Adventskalender

Andeby Online > Adventskalender

Reglar:

Konkurransen varer i 24 dagar, frå 1. til 24. desember, og det leggjast ut 2 oppgåver kvar dag.

For kvar historie får du eitt poeng dersom du klarer å oppgi namnet på figuren som har sagt replikken (dersom replikken er sagt av ein namnlaus bifigur er det godt nok at du forklarer så godt som mogleg kva slags figur det var, t.d. «bankfunksjonær» eller «innfødt på Arkalarka-øyene» e.l.), og to poeng dersom du gjenkjenner kva historie det er (dersom det er ei historie som ikkje hadde tittel i den norske oversetjinga, oppgi ting som tittelfigur og kvar historia har stått på trykk -- klarer du å leite fram historiekoder og slikt set vi sjølvsagt pris på det, men det er ikkje eit krav).

Totalt er det mogleg å få 144 poeng.

I tillegg til hovudpremien, som delast ut til den som har flest poeng totalt, kårast det fire vekevinnarar (dei som har flest poeng henholdsvis i perioden 1.-6. desember, 7.-12. desember, 13.-18. desember og 19.-24. desember). Kvar deltakar kan ikkje vinne meir enn maks ein vekepremie.

Ved poenglikdom vil vinnaren bli vald ut ved loddtrekning.

Nye oppgåver leggjast ut klokka 0:00 kvar dag. Svara må vera inne innan 23:59.

Innsendte svar blir retta, og topplistene blir oppdaterte, i løpet av påfølgjande dag. Det er ingen grunn til å sitja oppe og vente heile natta -- svara blir ikkje retta rett etter midnatt, så det er berre å leggja seg!

For å delta i konkurransen må du vera registrert brukar på Andeby Online, og du må ha ei e-postadresse registrert i profilen din. Du godtar at din totale poengsum visast på ei toppliste på sida.

Ansatte i Solstrand Tekst og Bobler kan ikke delta i konkurransen.

Premier:

Hovudpremie: Eit eksklusivt Jungelboken-litografi og eit årsabonnement på det donaldistiske magasinet KVAKK!.

Vekepremie: Kvar vekevinnar får tilsendt ei Andeby Online T-skjorte (med forbehold om at enkelte storleikar er utsolgte) og eit eksemplar av Norsk Spøkelseskladden-indeks.

Hugsar du ei Donald-historie basert på ein einaste replikk? Andeby Onlines adventskalenderkonkurranse tester deg!

Kvar dag fram til julaften legger vi ut to sitat henta frå ulike Disney-teikneseriar. Dersom du gjenkjenner flest sitat, kan du vinne ei rekke flotte premiar!

Det er ikkje noko spørsmål i dag. Konkurransen varer 1.-24. desember 2007.

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.